The Mamas & the Papas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Mamas & The Papas
Opphav New York City i USA
Sjanger Folkrock, psykedelisk rock, sunshine pop
Aktive år 1965–1968
1971–1972
Plateselskap Dunhill
Tidlegare medlemmer
John Phillips (1935-2001)
Denny Doherty (1940-2007)
Michelle Phillips (1944-)
Cass Elliot (1941-1974)

The Mamas & the Papas (skriven The Mama's and the Papa's på debutalbumet) var ei amerikansk vokalgruppe i 1960-åra. Gruppa var aktive frå 1965 til 1968 og hadde så ei kort gjenforeining i 1971. Dei gav ut fem album og 11 hitsinglar som alle nådde Topp 40 i USA. Totalt har dei seld om lag 100 millionar plater over heile verda.

Kjennemerket deira var dei firedelte vokalharmoniane arrangert av John Phillips, låtskrivaren til bandet. The Mamas and the Papas vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Starten[endre | endre wikiteksten]

Etter at dei tidlegare visegruppene, The Mugwumps og The New Journeymen, vart oppløyste, danna bandkompisane Denny Doherty og John Phillips ei ny gruppe i lag med kona til John, Michelle. Den siste medlemmen som vart med var Cass Elliot, men John Phillips ønskte ikkje Elliot i gruppa fordi han var sikker på at dei aldri ville slå igjennom i musikkindustrien på grunn av storleiken hennar.[1]

Bandet flytta ei kort stund til Dei amerikanske Jomfruøyane, men etter etter at dei gjekk tom for pengar, klarte Michelle Phillips å vinne nok på gambling til å få dei attende til New York City.[2]

Etter ei kort stund under namnet The Magic Cyrcle, men gruppa fann ut dei ikkje likte namnet. Ein kveld var Hells Angels på eit talkshow og eit medlem sa: «Stopp litt der, Hoss. Enkelte seier at damene våre er billege, men kallar dei berre våre Mamas». Elliot reiste seg då opp og sa, «Ja! Eg vil vere ei Mama». Michelle Phillips reiste seg og dei dansa og ropte «We're the Mamas! We're the Mamas!». Etter ei stund såg John Phillips og Doherty på kvarandre og sa «The Papas?»[3] Frå då av, like etter dei signerte ein platekontrakt for fem album med Dunhill Records, kalla dei seg The Mamas and The Papas[2].

Første suksess[endre | endre wikiteksten]

Den første singelen til bandet, «Go Where You Wanna Go», kom ut i 1965, men selde dårleg. Den andre singelen derimot, «California Dreamin'», kom ut seinare i 1965 og klatra raskt til fjerdeplass i USA og 23. plass i Storbritannia. Debutalbumet deira If You Can Believe Your Eyes and Ears, kom ut tidleg i 1966 og det gjekk heilt til topps på den amerikanske albumlista. Den tredje og siste singelen frå debutalbumet var «Monday, Monday», som vart den einaste førsteplassen deira i USA. Songen gjorde bandet internasjonalt kjende med ein tredjeplass i Storbritannia.

Etter det vart oppdaga at Michelle Phillips og Doherty hadde eit forhold vart det brått uro i bandet. Dei tok kontakt med advokaten deira, Abe Somer, samt selskapet Dunhill Records, og fekk Michell formelt sparka frå bandet i juni 1966, midt under innspelinga til det andre albumet deira The Mamas & the Papas. Dei fekk inn ein ny songar for å erstatte Michelle, Jill Gibson, kjærasten til produsenten deira Lou Adler. Gibson var alt ein songar og låtskrivar som hadde spelt på fleire Jan and Dean-album. Sjølv om Gibson ikkje var ein like sterk songar, lærte ho seg stemmene til Michelle i løpet av tre veker medan bandet var i London. Kven som song på det andre albumet er ikkje sikkert, sidan Jill Gibson vart lagt oppå fleire ukjende kvinnestemmer. Michell vart bede attende til gruppa mot slutten av august og gjekk rett tilbake i studio, medan Gibson måtte gå etter ho vart betalt for arbeidet sitt. Produsent Lou Adler skriv i boka si Go Where You Wanna Go at Gibson kanskje song på seks songar, men Michelle song dei på ny då ho kom attende.

Den første singelen frå albumet, «I Saw Her Again», omhandla kjærleiksforholdet. Songen nådde femteplass i USA og 11. i Storbritannia. Bandet gjorde siste refrenget for tidleg, noko John Sebastian seinare etterlikna på Lovin' Spoonful-songen «Darlin' Be Home Soon». Paul McCartney var imponert over korleis gruppa kom inn for raskt på innspelinga. «Det må ha vore ein feil. Ingen er så smart».[4]

Albumet nådde fjerdeplassen i USA og 24. plass i Storbritannia. Den andre singelen frå albumet var «Words of Love», som nådde femteplassen i USA, medan den tredje singelen «Dancing in the Street», berre nådde 75. plass.

Deliver[endre | endre wikiteksten]

Bandet spelte så inn det tredje albumet Deliver. Doherty drakk mykje på denne tida, og prøvde å kome over Michelle Phillips.[2] Som avslutningsband på den første Monterey Pop Festival i juni 1967, spelte bandet dårleg. John og Michelle Phillips og Lou Adler organiserte heile festivalen og var i følgje intervju med medlemmer i gruppa så opptekne at dei ikkje fekk tid til å øve.[5]

Den første singelen frå albumet var «Look Through My Window», som nådde 24. plass i USA. Han nådde ikkje lista i Storbritannia. Den andre singelen, «Dedicated to the One I Love», gav bandet eit lite comeback. Han nådde andreplasse i både USA og Storbritannia. Den tredje singelen «Creeque Alley» omhandla historia til bandet før dei slo igjennom. Han nådde femteplass i USA og niandeplass i Storbritannia. Den fjerde og siste singelen frå albumet var ein cover av «My Girl» og nådde 15. plass i USA, men gjekk ikkje inn på lista i det heile i Storbritannia.

Kort tid seinare vart singelen «Glad to be Unhappy», som ikkje finst på noko studioalbum, gjeven ut og nådde 26. plass i USA. Året etter vart ein annan song frå det andre albumet deira, «Dancing Bear», gjeven ut som singel og nådde 51. plass i USA. Ingen av desse gjekk inn på lista i Storbritannia.

Den første oppløysinga og fjerde albumet[endre | endre wikiteksten]

Bandet gjorde den siste framføringa si på fjernsyn på Ed Sullivan Show i august 1967. Under samtalen med Sullivan sa dei at dei kom til å ta ein lang ferie, men at dei skulle kome attende. På grunn av dette gav Dunhill ut den første samleplata deira, Farewell to the First Golden Era volum 1 og 2.

I oktober 1967 valte dei å reise til Europa for å få nye impulsar medan dei spelte inn det fjerde albumet. Medan dei var i England snakka Cass Elliot med Mick Jagger på ein fest halde av plateselskapet deira Dunhill Records og John Phillips fornærma ho føre gjestane. Ho storma ut frå festen og forlet gruppa, men ho var kontraktbunden til det neste albumet deira og er derfor likevel på The Papas & the Mamas, det fjerde albumet.

Den første singelen «12:30 (Young Girls Are Coming to the Canyon)» nådde 20. plass i USA. Albumet kom ut og gjorde det igjen godt i både USA og Storbritannia. Etter den andre singelen, «Safe In My Garden» ikkje nådde listene, gav selskapet ut ein solosong frå Elliot frå albumet, ein cover av «Dream a Little Dream of Me» og han enda opp på 12. plass i USA. Det vart òg den første singelen som gjekk inn på lista i Storbritannia etter fem mislukka singlar her.

Den andre og endelege oppløysinga[endre | endre wikiteksten]

Etter suksessen med «Dream a Little Dream of Me» innrømde Elliot at ho ønskte ein solokarriere. Den fjerde og siste singelen frå det fjerde albumet deira var «For the Love of Ivy», som nådde 81. plass i USA. For andre gong gav plateselskapet deira ut ein singel frå eit tidlegare album, «Do You Wanna Dance», som enda opp på 76. plass i USA.

Etter at bandet var offisielt oppløyst, gav John Phillips ut det country-aktige albumet The Wolf King of LA, med den mindre hitsingelen «Mississippi». Plateselskapet deira meinte at bandet ikkje hadde oppfylt kontrakten og trua dei med eit søksmål for $250 000 for kontraktsbrot. I 1971 møtte John dei andre medlemmene og lærte dei songane frå soloalbumet og spelte inn vokalen deira. Bandet gav ut det siste albumet sitt, People Like Us. Den einaste singelen, «Step Out», nådde 81. plass i USA. Albumet nådde 84. plass.

Etterpå[endre | endre wikiteksten]

Cass Elliot[endre | endre wikiteksten]

Etter at bandet gjekk kvar sin veg, hadde Cass Elliot ein suksessfull solokarriere, og turnerte i USA og Europa med hittar som «Make Your Own Kind of Music» og «It's Getting Better». Dei tre albuma ho gav ut på RCA, (Cass Elliot, The Road Is No Place for a Lady, begge i 1972 og Don't Call Me Mama Anymore, i 1973) inneheldt singlar, men ingen av dei selde særleg bra.

Ho spelte på mange amerikanske fjernsynsshow og deltok på to TV-spesialar, «The Mama Cass Television Program» på ABC i januar 1969 og «Don't Call Me Mama Anymore» på CBS i september, 1973. Medan ho var på turne døydde Elliot av hjarteattak den 29. juli 1974 i leilegheita til Harry Nilsson i London.

John Phillips[endre | endre wikiteksten]

John Phillips heldt fram å skrive songar for sin eigen solokarriere og for andre artistar. Den kanskje mest kjende songen hans utanom The Mamas & the Papas var Beach Boys-hitten «Kokomo».

I 1980-åra slo John seg saman med Denny Doherty og danna The New Mamas and The Papas, med dottera Mackenzie Phillips og Spanky McFarlane (frå gruppa Spanky and Our Gang). Etter noko suksess i starten, valte Doherty å forlate bandet i 1987 fordi han mislikte narkotikamisbruket til John. Bandet heldt fram og Scott McKenzie erstatta Denny fram til 1991 då John Phillips fekk teikn på dårleg lever og vart særs sjuk. Mackenzie Phillips kjempa òg med dopmisbruk og vart erstatta av Laurie Beebe, som tidlegare song i The Buckinghams. John Phillips måtte ha levertransplantasjon i 1992 og Doherty erstatta så John fram til bandet vart oppløyst i 1994. Resten av livet sitt turnerte Phillips han med forskjellige utgåver av gruppa fram til han døydde då hjarta stoppa 18. mars 2001.

Det siste albumet hans, Phillips 66, kom ut etter han døydde, i august 2001.

Denny Doherty[endre | endre wikiteksten]

Denny Doherty hadde ein mindre hit i 1974 med standarden «You'll Never Know» og vart ein populær programleiar i Canada.

Doherty døydde i 2007 av nyresvikt.

Michelle Phillips[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha gjeve ut albumet Victim of Romance i 1977, vart Michelle Phillips skodespelar på full tid. Ho spelte i Dillinger i 1973, Bloodline i 1979, The Man with Bogart's Face i 1980, American Anthem i 1986 og Let It Ride i 1989.

Hop spelte òg i fjernsynsseriane Knots Landing og Beverly Hills, 90210.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Album U.S. Billboard UK[6]
1966 If You Can Believe Your Eyes and Ears 1 -
1966 The Mamas & the Papas 4 3
1967 The Mamas and the Papas Deliver 2 4
1968 The Papas & The Mamas 15 -
1971 People Like Us 84 -


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fiegel, Eddi. "Mother of invention". The Independent. 5 mai 2005
  2. 2,0 2,1 2,2 «US Folk Rock». Rock Family Trees. 1999.
  3. Dream a Little Dream, s. 11 frå nettsida til Doherty
  4. "Denny Doherty obituary"
  5. «Dream a Little Dream», s. 15 frå nettsida til Denny Doherty
  6. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th ed.). London: Guinness World Records Limited. s. 345. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]