Roxy Music

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roxy Music

Toronto, 1974 Foto: Jean-Luc Ourlin
OpphavLondon i England
Aktiv1971–1976, 1978–1983
2001 til i dag
SjangerKunstrock, glamrock, psykedelisk rock, New Wave, New Romanticism
Tilknytte artistarThe Explorers
801
PlateselskapE.G. Records
Virgin
MedlemmerBryan Ferry
Phil Manzanera
Andy Mackay
Paul Thompson
Tidlegare medlemmerBrian Eno
Eddie Jobson
Graham Simpson
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Roxy Music er eit engelsk kunstrockband starta i november 1970 av Bryan Ferry, som vart solovokalist og den viktigaste låtskrivaren i bandet, og bassist Graham Simpson. Dei andre medlemmane er Phil Manzanera (gitar), Andy Mackay (saksofon og obo) og Paul Thompson (trommer and perkusjon). Av tidlegare medlemmar finn ein Brian Eno (synthesizer og «handsamingar») og Eddie Jobson (synthesizer og fiolin). Bandet vart oppløyst i 1983, men kom saman att for ein konsertturne i 2001, og har turnert no og då sidan.

Roxy Music vart populære og fekk god kritikk i Storbritannia, Europa og Australia i 1970- og tidleg i 1980-åra. Det starta med debutalbumet Roxy Music (1972).[1] Bandet hadde stor innverknad og var eit av dei førande banda innan den meir eksperimentelle, og musikalsk sofistikerte delen av glam, og hadde i tillegg stor innverknad på tidleg engelsk punkmusikk. Dei var òg modell for mange New Wave-artistar og eksperimentelle elektro-grupper tidleg i 1980-åra. Gruppa skil seg ut som eit visuelt og musikalsk sofistikert band og at dei var opptekne av stil og glamour.[2] Ferry og Eno har òg hatt suksessrike solokarrierar, og sistnemnde har vorte ein av dei viktigaste plateprodusentane og samarbeidspartnarane på slutten av 1900-talet.

Rolling Stone rangerte Roxy Music på 98. plass på lista deira over dei 100 største artistane gjennom tidene.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Starten (1970–1971)[endre | endre wikiteksten]

I november 1970 hadde Bryan Ferry nettopp mista jobben sin som keramikklærar ved ein jenteskule for at han spelte musikk for dei i staden for å lære dei keramikk,[4] og søkte etter ein klaverspelar til å samarbeide med han og Graham Simpson, ein bassist han kjende frå kunstskulebandet hans i Newcastle, The Gas Board, og som han samarbeidde med på dei første songane sine. Tidleg i 1970 hadde Ferry prøvespelt som vokalist for King Crimson, som søkte etter erstatning for Greg Lake. Sjølv om Robert Fripp og Pete Sinfield meinte at stemma til Ferry ikkje høvde seg for songane til King Crimson, var dei imponert over talentet hans og hjelpte til med å få det unge Roxy Music ein kontrakt med E.G. Records.

Andy Mackay svarte på annonsa til Ferry, men var ikkje klaverspelar, men spelte saksofon og obo. Han hadde derimot ein VCS3-synthesizer. Mackay hadde alt møtt Brian Eno på universitetet, sidan begge var interesserte i avantgarde og elektronisk musikk. Sjølv om Eno ikkje var musikar, kunne han operere ein synthesizer og eigde ein Revox-opptakar, så Mackay overbeviste han om å bli med i bandet som teknisk rådgjevar. Etter kvart vart Eno medlem av gruppa. Då Dexter Lloyd, ein klassisk trent paukespelar, forlet bandet, vart det sett inn ei ny annonse i Melody Maker etter ein «vidundertrommis ønska for avant-rock-band».[5] Paul Thompson svarte og vart med i bandet i juni 1971. Namnet kom delvis som ei hyllest til gamle kinoar og danselokale, og delvis som eit ordspel på ordet rock. Ferry kalla opphavleg bandet berre Roxy, men då han fekk vite at det var eit amerikansk band med same namn, endra han dette til Roxy Music.

I oktober 1971 annonserte Roxy i Melody Maker igjen etter ein «perfekt gitarist» og Phil Manzanera var ein av om lag 20 gitaristar som kom på prøvespeling. Manzanera var son av ein engelskmann, men hadde mor frå Colombia, og hadde vore mykje i Sør-Amerika og Cuba som born, og sjølv om han ikkje hadde den same kunstskulebakgrunnen som Ferry, Mackay og Eno, var han kanskje det dyktigaste medlemmet i bandet, med ei brei interesse for musikk. Manzanera kjende òg andre kjende musikarar, som David Gilmour frå Pink Floyd, som var ven med storebroren hans, og Robert Wyatt frå Soft Machine. Men Manazanera kom i starten ikkje inn i bandet som gitarist. Søkaren som vart tilsett var David O'List, tidlegare gitarist i The Nice. Gruppa var likevel imponert nok over Manzanera til at han vart invitert med Roxy Music som scenearbeidar, noko han aksepterte.

Bandet fekk god omtale av journalist i Melody Maker, Richard Williams og radiovert John Peel. Williams vart ein entusiastisk tilhengjar etter å ha møtt Ferry og fått ein demo av han midtvegs i 1971. Han skreiv den første store artikkelen om bandet, som kom ut 7. august 1971. Denne besetninga (Ferry/Mackay/Eno/Simpson/Thompson/O'List) spelte inn ei innspeling for BBC kort tid etter.

Dei første to albuma (1972–1973)[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i februar 1972 slutta brått O'List i gruppa etter ein krangel med Paul Thompson som fann stad under prøvespelinga deira for David Enthoven frå EG Management. Då O'List ikkje møtte opp på den neste øvinga, vart Manzanera beden med påskot om verte lydteknikaren til bandet. Då han kom vart han invitert til å spele gitar og skjønte raskt at det var ei uformell prøvespeling. Ukjend for resten av gruppa, hadde Manzanera lært seg heile repertoaret deira og som følgje av dette vart han umiddelbart teken inn som permanent erstattar for O'List, den 14. februar 1972. To veker etter fekk Roxy Music kontrakt med EG Management.[6]

Med dette laget finansierte EG Management innspelinga av det første albumet deira, Roxy Music, innspelt i mars-april 1972 og produsert av tekstforfattaren til King Crimson, Peter Sinfield. Både albumet og det kjende omslaget var visstnok ferdig før gruppa signerte kontrakt med Island Records. A&R Tim Clark minnest at sjølv om han argumenterte kraftig for at Island burde signere dei, så verka sjefen i selskapet Chris Blackwell først lite imponert og Clark rekna med at han ikkje var interessert. Eit par dagar seinare stod Clark og Enthoven i ein gang i kontorlokalet til Island og såg på plateomslaget for albumet, då Blackwell gjekk forbi, såg på omslaget og sa «Ser bra ut! Har vi signert dei enno?»[7] Bandet fekk ein avtale med Island Records eit par dagar seinare. Albumet kom ut i juni til god kritikk og vart ein stor suksess. Det nådde 10. plass på den britiske albumlista i september 1972.[1]

Siste halvdel av 1971 vart bassist Graham Simpson stadig meir tilbaketrekt og vanskeleg å kommunisere med, noko som førte til at han forlet bandet like etter innspelinga av debutalbumet. Han vart erstatta av Rik Kenton.[8]

For å få meir merksemd omkring albumet, valde Roxy music å spele inn og gje ut ein singel. Debutsingelen deira var «Virginia Plain», som nådde 4. plass på den britiske singellista. Den visuelle stilen til bandet vart fanga på den første framføringa deira på Top of the Pops på BBC, og vart ein hjørnestein i glam-bølgja i Storbritannia. Framføringa av «Virginia Plain» på BBC vart seinare parodiert av den britiske komiserien Big Train. Singelen førte til fornya interesse i albumet. Kort tid etter «Virginia Plain», forlet Rik Kenton bandet, og dei skulle aldri ha ein fast bassist igjen. John Porter, John Gustafson, John Wetton, Gary Tibbs og Alan Spenner har alle fylt denne rolla.

Det neste albumet, For Your Pleasure, kom ut i mars 1973. Det markerte byrjinga på eit langt og suksessfullt samarbeid med produsenten Chris Thomas, som arbeidde på alle dei klassiske albuma og singlane deira i 1970-åra. Albumet vart marknadsført med ein singel som ikkje var på albumet, «Pyjamarama», men ingen av songane på albumet vart gjeven ut som singel. Ferry var kjæraste med den franske modellen Amanda Lear, som vart avbileta med ein svart jaguar på omslaget til plata. (Ferry er på baksida av omslaget som ein sirleg sjåfør føre ein limousin). For dette albumet spelte John Porter bass, medan Sal Maida spelte bass på dei påfølgjande konsertane.[9]

Stranded, Country Life, Siren og soloprosjekt (1973–1977)[endre | endre wikiteksten]

Kort tid etter innspelinga av For Your Pleasure, forlet Brian Eno Roxy Music midt under stadig vanskelegare diskusjonar med Ferry om styringa av gruppa.[10] Dei andre medlemmane i bandet skal visstnok ha delt noko av den same uroa som Eno over den store dominansen til Ferry, men dei valde å bli verande. I tillegg vart Johnny Gustafson den permanente bassisten til bandet på dei neste tre albuma, men ikkje alltid på konsertane deira, sjølv om han turnerte med bandet på enkelte konsertar i 1973 og 1975. Andre bassistar Roxy Music nytta i denne perioden (1973–1976) er mellom andre Sal Madia, John Wetton og Rick Wills.[11]

Eno vart samstundes erstatta av den 19 år gamle multi-instrumentalisten Eddie Jobson, tidlegare i progrockbandet Curved Air, som spelte klaverinstrument og elektrisk fiolin. Sjølv om enkelte tilhengjarar sakna den eksperimentelle haldninga og noko av den spesielle estetikken Eno hadde ført til bandet, var den klassisk trente Jobson ein dyktig musikar. Han gav gruppa ny styrke og Ferry slapp no å spele klaverinstrument på scenen. Den blendande elektriske fiolin-spelinga hans gav òg lydbiletet til bandet ein ny dimensjon, som ein kan høyre på songen «Out of the Blue». Eno anerkjende sjølv kvaliteten til dei to albuma som kom ut etter han forlet bandet, Stranded (1973) og Country Life (1974), og dei vert rekna blant dei mest originale og konsistente britiske rockealbuma i denne perioden. Rolling Stone kalla dei to albuma «høgdepunktet i samtidig britisk kunstrock».[12]

Songane på desse albuma sementerte òg ryktet til Ferry som ein stilfull og sofistikert mann. Sjølv om denne personen utan tvil starta som ei medviten ironisk sak, såg det i denne tida ut til at Ferry tok stilen med seg i det verkelege livet sitt. Arbeidarklassesonen frå Nord-England vart ei internasjonal rockestjerne og eit ikon på mannen som hadde kjærleiksaffærar med mange vakre kvinner, blant dei Playboy-playmate Marilyn Cole (som er på omslaget av Stranded) og modellane Amanda Lear (som seinare var kjæraste med David Bowie) og Jerry Hall (som seinare vart sambuar med Mick Jagger).

På dei to første Roxy-albuma var alle songane skrivne av Bryan Ferry. Frå Stranded og frametter, vart Mackay og Manzanera òg tilskriven som låtskrivarar på nokre songar. Gradvis vart låtskrivinga og musikkstilen deira ein del av lydbiletet til bandet, sjølv om Ferry framleis var den dominerande låtskrivaren. Alle singlane til Roxy, utan om ein, var anten heilt eller delvis skriven av Ferry. Dei andre skreiv derimot nokre B-sider. Stranded kom ut i november 1973 og gav dei singelen «Street Life», som nådde Topp 10.

Det fjerde albumet, Country Life, kom ut i 1974 og var det første albumet til Roxy Music som gjekk inn på Topp 40 i USA, ein 37. plass. Country Life fekk god kritikk og Rolling Stone kalla det som om Ferry dreiv «ein kabaret for mentalt forstyrra, med songarinner i sjokkstilstand».[12] Det femte albumet, Siren, inneheldt den einaste hitten deira i USA, «Love Is the Drug». Ferry sa at songen kom til han medan han sparka lauv under ein gåtur i Hyde Park. På denne tida hadde Ferry eit forhold til supermodellen Jerry Hall. Ferry sin song til Hall, «Prairie Rose», inspirerte direkte Talking Heads-songen «The Big Country» og vart seinare spelt av den skotske rockegruppa Big Country som B-sida til singelen deira «East of Eden» i 1984. Hall er òg på omslaget til Siren og i videoen til solosukssen til Ferry, Wilbert Harrison sin «Let's Stick Together».

Etter turneen etter Siren i 1976 vart Roxy Music oppløyst. Konsertalbumet Viva! kom ut i august 1976. På denne tida gav Ferry ut to soloalbumet, der Manzanera og Thompson spelte, og Manzanera kom saman med Eno for det kritikarroste albumet 801 Live.

Dei siste albuma og slutten (1978–1983)[endre | endre wikiteksten]

Roxy Music kom saman att i 1978 for å spele inn eit nytt album, Manifesto, men med ei ny besetning. Jobson var ikkje med lenger, og vart visstnok ikkje kontakta for innspelinga. På denne tida turnerte Jobson med sitt eige band, UK. På omslaget til Manifesto står Roxy Music oppførst som Ferry, Manzanera, Mackay, Thompson, og dei nye medlemmane Gary Tibbs (bass), Alan Spenner (bass) og Paul Carrack (klaverinstrument)[13] Dei tre nyaste musikarane vart nedgradert til studiomusikarar på dei seinare utgjevingane.

Det kom tre singlar frå Manifesto, mellom anna dei store britiske hittane «Angel Eyes» (2. plass) og «Dance Away» (5. plass). Begge desse songane er ganske annleis frå albumversjonane, sidan «Dance Away» vart miksa på nytt for singelen og «Angel Eyes» vart spelt inn att heilt på ny.

Etter turneen og før innspelinga av det neste albumet, Flesh + Blood (1980), braut Thompson tommelen i ei motorsykkelulukke og måtte ta fri frå bandet. Kort tid etter forlet han bandet permanent. Ferry, Mackay og Manzanera var då dei einaste gjenverande medlemmane av Roxy Music, og dei nytta fleire studiomusikarar dei neste få åra (mellom andre Tibbs, Spenner, Carrack, Andy Newmark og Neil Hubbard). Albumet Flesh + Blood frå 1980 vart ein stor suksess i heimlandet og gjekk til topps på albumlista. Det gav dei òg tre hittar i Storbritannia, «Oh Yeah» (5. plass), «Over You» (5. plass) og «Same Old Scene» (12. plass).

Endringa i besetninga medførte òg ei markant endring i den musikalske stilen til Roxy Music. Borte var dei uventa elemanta og inn var komen eit glattare lydbilete. Rolling Stone kritiserte Manifesto («Roxy Music har ikkje gått disco. Dei har ikkje gått nokre andre stader heller»[14]) og Flesh + Blood («så sjokkerande dårleg at det skapar ein viss fascinasjon.»[15]), medan andre hylla gjenforeininga. Melody Maker sa om Manifesto «...dette kan vere det første forsøket på ei slik gjenforeining som nokon gong faktisk kan bli ein suksess, ein teknisk knockout mot alle odds.»[16]

I 1981 spelte Roxy Music inn singelen «Jealous Guy», skriven og opphavleg innspelt av John Lennon. Roxy Music spelte inn «Jealous Guy» som ei hyllest til Lennon etter han døydde i 1980. Songen toppa den britiske singellista i mars 1981 og vart den einaste førsteplassen deira i heimlandet. Singelen vart ikkje gjeven ut på studioalbum.

Det åttande og siste studioalbumet til bandet Avalon frå 1982 var langt meir melankolsk med forsiktig utforma lydlandskap. Det vart ein stor kommersiell suksess og vann bandet tilbake ryktet hos kritikarane.[17] og inneheld hitsingelen «More Than This». Trioen fekk med seg studiomusikarar og la ut på ein omfattande turne fram til 1983, då Ferry valde å legge ned bandet. Bandmedlemmane la så ut på sine eigne solokarrierar.

Gjenforeining (2001 til i dag)[endre | endre wikiteksten]

Ferry, Manzanera, Mackay og Thompson kom saman att i 2001 for å feire 30-årsjubileet til bandet og ein ny turne. Dei følgde opp med ein festivalkonsert i Portugal og ein kort turne i USA i 2003. Brian Eno var ikkje med og han kritiserte motiva bak ei gjenforeining. Han sa, «eg likar berre ikkje ideen. Det gjev ein vond smak».[18] Seinare sa Eno at kommentaren var henta ut av samanhengen. Manzanera og Thompson spelte inn og turnerte med Ferry i 2002 på albumet hans Frantic. Eno medverka òg til Frantic på songen «I Thought».

I 2002 gav Image Entertainment, Inc., ut konsert-DVDen Roxy Music Live at the Apollo med om lag 20 songar, samt intervju og øvingar.

I 2004 rangerte Rolling Stone bandet på 98. plass på lista deira over dei største artistane gjennom tidene.[19]

Roxy Music spelte på Isle of Wight-festivalen den 11. juni 2005. Den 2. juli 2005 spelte dei «Jealous Guy», «Do the Strand» og «Love is the Drug» på Live8 i Berlin.

I mars 2005 vart det annonsert på den offisielle sida til Phil Manzanera[20] at Roxy Music, med Brian Eno, hadde valt å gå i studio for å spele inn eit nytt album. Prosjektet kom til å bli første gong Eno arbeidde med Roxy Music sidan For Your Pleasure i 1973. Rykta var delvis sanne, og Eno medverka med to songar til albumet. Det vart derimot ikkje eit Roxy Music-album ut av det, men vart gjeven ut som eit soloalbum av Bryan Ferry kalla Olympia.

Roxy Music på scenen under ein konsert i ExCeL Exhibition Centre i London i juli 2006

Juli 2006 la bandet ut på turne i Europa, og spelte mellom anna i Serbia og Makedonia. Den andre trommeslagaraen til Roxy Music, Andy Newmark, spelte på denne turneen, sidan Thompson var sjuk. Sommaren 2010 spelte igjen Roxy Music ein sommarturne. I januar og februar 2011 spelte Roxy Music sju konsertar i Storbritannia for å feire 40-årsjubileeet til bandet. Bandet turnerte vidare i Australia og New Zealand i februar og mars.[21]

Stil og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Den tidlege stilen og presentasjonen av Roxy Music var påverka av kunstskulebakgrunnen til fleire av medlemmane. Ferry, Mackay og Eno hadde alle studert kunst i Storbritannia i 1960-åra. Roxy Music var eit av dei første rockebanda som skapte og opprettheldt ein nøye gjennomtenkt utsjånad og stil gjennom sceneframferda deira, musikkvidoear, og omslag på album og singlar, samt reklameplakatar, kort og skilt. Dei fekk mellom anna hjelp til dette av motedesignaren Antony Price, hårstylisten Keith Mainwaring, fotografen Karl Stoecker, PR-rådgjevaren Simon Puxley og klassekameraten til Ferry, Nicholas De Ville.

Plateomslaga til bandet imiterte den visuelle stilen på klassiske «jente-» og motemagasin, med bilete av lettkledde modellar som Amanda Lear, Marilyn Cole og Jerry Hall, som alle hadde kjærleiksforhold til Ferry då bileta vart tekne. Tittelen på det fjerde albumet til Roxy Music, Country Life, var meint som ein parodi på det kjende britiske jordbruksmagasinet med same namn, og på omslaget var to modellar, to tyske fans, Constanze Karoli — syster til Can-medlem Michael Karoli — og Eveline Grunwald.[22] Dei var kledd i delvis gjennomsiktig undertøy ute i ein skog. Det førte til at albumet i mange område i USA vart seld i eit ugjennomsiktig plastomslag, sidan butikkane nekta å syne omslaget. Seinare vart eit alternativt omslag, med berre bilete av skogen, nytta.

Den engelske gruppa Madness er av artistane som har omtalt Roxy Music som ei inspirasjonskjelde[23] og har gjort ei hyllest til Bryan Ferry i songen «4BF» (tittelen er i seg sjølv ein referanse til songen «2HB», som er ei hyllest til Humphrey Bogartdet første albumet).[24] Andre artistar som har omtalt Roxy Music som ei inspirasjonskjelde er Steve Jones og Paul Cook frå The Sex Pistols, Siouxsie and the Banshees, The Cars, Grace Jones, Kate Bush, Adam Ant, The Human League, Japan, Duran Duran, ABC, Spandau Ballet, The Fixx, Depeche Mode, Men Without Hats, Annie Lennox, Morrissey, Jarvis Cocker og Neil Hannon.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Prendergast, Mark (2001). The Ambient Century: From Mahler to Trance: The Evolution of Sound in the Electronic Age. Bloomsbury Publishing. s. 119. ISBN 1582341346. 
  2. "((( Roxy Music > Biography )))". Stephen Thomas Erlewine. Allmusic. Henta 31. mars 2011.
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 18. mai 2009, henta 31. mars 2011 
  4. «Bryan Ferry and Roxy Music Chronology». RoxyRama. Arkivert frå originalen 15. desember 2010. Henta 31. mars 2011. 
  5. Paul Thompson Biography, arkivert frå originalen 6. januar 2009, henta 31. mars 2011 
  6. Michael Bracewell, Roxy: The band that invented an era (Faber & Faber, 2007, ISBN 978-0-571-22986-4) s.376–77
  7. Michael Bracewell, Roxy: The band that invented an era (Faber & Faber, 2007, ISBN 978-0-571-22986-4) s.385–86
  8. Michael Bracewell, Roxy: The band that invented an era (Faber & Faber, 2007, ISBN 978-0-571-22986-4) s.376
  9. Stump, Paul - Unknown Pleasures: A Cultural biography of Roxy Music, Thunder's Mouth Press, New York, 1998, s. 72
  10. Phonograph Record: Eno Music: The Roxy Rebellion
  11. Stump, Paul - Unknown Pleasures: A Cultural biography of Roxy Music, Thunder's Mouth Press, New York, 1998, s. 72, 154
  12. 12,0 12,1 Jim Miller (27 February 1975). «Albums Reviews: Roxy Music -Country Life». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 5. juli 2007. Henta 31. mars 2011. 
  13. Baksida til Manifesto, kan ein sjå her http://www.google.ca/imgres?imgurl=http://www.vinylrecords.ch/R/RO/Roxy_Music/Manifesto/manifesto-11.jpg&imgrefurl=http://www.vinylrecords.ch/R/RO/Roxy_Music/Manifesto/roxy-music-manifesto.html&usg=__O3i6_s-Xw2jufcFZZLDT9uF65eU=&h=439&w=580&sz=90&hl=en&start=0&zoom=1&tbnid=rp-_Mb0dP1iS6M:&tbnh=168&tbnw=223&ei=xvswTemRMISdlge3_NCHCg&prev=/images%3Fq%3Dmanifesto%2Bback%2Bcover%26hl%3Den%26safe%3Doff%26biw%3D1280%26bih%3D644%26gbv%3D2%26tbs%3Disch:1&itbs=1&iact=hc&vpx=983&vpy=94&dur=435&hovh=195&hovw=258&tx=126&ty=122&oei=xvswTemRMISdlge3_NCHCg&esq=1&page=1&ndsp=18&ved=1t:429,r:5,s:0.
  14. Roxy Music: Manifesto : Music Reviews : Rolling Stone, arkivert frå originalen 24. desember 2008, henta 31. mars 2011 
  15. Roxy Music: Flesh & Blood : Music Reviews : Rolling Stone, arkivert frå originalen 24. desember 2008, henta 31. mars 2011 
  16. arkivkopi, arkivert frå originalen 26. juli 2011, henta 31. mars 2011 
  17. (Rolling Stone: "Avalon takes a long time to kick in, but it finally does, and it's a good one.")
  18. Eno attacks Roxy reunion, BBC News
  19. «The Immortals: The First Fifty». Rolling Stone Issue 946. Rolling Stone. Arkivert frå originalen 20. august 2011. Henta 31. mars 2011. 
  20. «Phil Manzanera, Expression Records and the Roxy Music Archive». 
  21. arkivkopi, arkivert frå originalen 24. mars 2011, henta 31. mars 2011 
  22. Seventies' Greatest Album Covers: Country Life
  23. arkivkopi, arkivert frå originalen 20. juli 2011, henta 31. mars 2011 
  24. http://en.wikipedia.org/wiki/The_Madness_(album)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]