The Bell av Mike Oldfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Bell
Singel av Mike Oldfield
frå albumet Tubular Bells II
A-side

«The Bell»

B-side

«Sentinel»

Utgjeve 5. april 1993[1]
Sjanger New-age, progressiv rock
Lengd 4:06
Selskap Warner Music UK
Låtskrivar(ar) Mike Oldfield
Produsent Mike Oldfield
Trevor Horn
Mike Oldfield-kronologi 
«Tattoo»
(1992)
The Bell «Moonlight Shadow»
(1993)


«The Bell» er ein song av musikaren Mike Oldfield frå albumet Tubular Bells II i 1992. Han vart gjeven ut på singel i april 1993 av Warner Music. Singelen var omstrukturert og kortare enn albumversjonen.

«The Bell» er finalen i første seksjon av Tubular Bells II og ein seremonimeister introduserer instrumental. Singelen har fleire versjon av «The Bell», med forskjellige seremonimeistrar. Desse er Billy Connolly, Carlos Finaly (på spansk), Viv Stanshall, Otto (på engelsk og tysk) og John Gordon Sinclair (live). På albumet var seremonimeisteren Alan Rickman. Sommme utgåver inneheld òg ein instrumentalversjon og remiksar.

Instrumenta som vert introduserte er: flygel, harmonium & pipeorgel, klokkespel, bassgitar, vokal, «to lett sampla elektriske gitarar», «the Venetian effect», «digital lydprosessor» og røyrbjøller. «The Venetian Effect» syner til ein karateristisk mandolinteknikk, ein slags tremolo kjend som bisbigliando, der ein enkel note kjapt vert repetert mange gonger.

Ein av seremonimeistrane på singelen, Viv Stanshall, hadde vore seremonimeister på den originale utgåva av Tubular Bells frå 1973, som «The Bell» er basert på.

Connolly- og Stanshall-ve-rsjonane finst på samlealbumet The Best of Mike Oldfield: 1992–2003.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Skogselv-omslaget / Amerikansk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«The Bell» (edit)4:06
2.«Sentinel Restructure» (Trance mix) (Tommy Musto)5:42
3.«Sentinel Restructure» (Satoshi Tomii interpretation)7:41
4.«Sentinel Restructure» (Global lust mix) (Mark Lewis)5:55
5.«Sentinel Restructure» (Nobel prize mix) (The Orb)12:26
6.«Sentinel Restructure» (Tubular beats) (Tommy Musto)4:14

Eng-omslag[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«The Bell» (MC Viv Stanshall)3:28
2.«Sentinel Restructure» (Trance mix) (Tommy Musto)5:42
3.«Sentinel Restructure» (Global lust mix) (Mark Lewis)5:55
4.«Sentinel Restructure» (Satoshi Tomii interpretation)7:41

Metallisk bylandskap-omslag[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«The Bell» (konsertopptak med MC John Gordon Sinclair)4:19
2.«The Bell» (MC Billy Connolly)3:29
3.«The Bell» (MC Otto - tysk versjon)3:29
4.«The Bell» (MC Alan Rickman)5:00
5.«The Bell» (Instrumental)3:30

Fjell-omslag[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«The Bell» (MC Viv Stanshall)3:28
2.«The Bell» (MC Otto - engelsk versjon)3:28
3.«The Bell» (MC Otto - tysk versjon)3:28

Mike Oldfield-omslag[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«The Bell» (MC Carlos Finaly - spansk versjon)3:28

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Singles - «The Bell»». Amadian. Henta 14. januar 2012. [daud lenkje]