The Bitch Is Back

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Bitch Is Back
Singel av Elton John
frå albumet Caribou
B-side «Cold Highway»
Utgjeve 3. september 1974
Innspelt Caribou Ranch
Sjanger Rock, glamrock
Lengd 3:42
Selskap MCA, DJM, Rocket/Phonogram
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Produsent Gus Dudgeon
Elton John-kronologi
«Don't Let the Sun Go Down on Me»
(1974)
The Bitch Is Back «Lucy in the Sky with Diamonds»
(1974)

«The Bitch Is Back» er ein rockesong av Elton John, med tekst av Bernie Taupin. Han var den andre singelen gjeven ut frå albumet Caribou frå 1974 og nådde førsteplassen på singellista i Canada, den sjette topplasseringa i det landet,[1] fjerdeplass i USA og 15. plass i Storbritannia.[2] Songen er omtalt som ein av dei beste hardare rockesongane til Elton John. I USA hadde singelen seld til gullplate i 1995.[3]

Songen vart spelt inn to gonger av Tina Turner: ein gong for Rough i 1978, og igjen for albumet Two Rooms i 1991. Turner song òg songen på konsertane sine på slutten av 70-åra, og i lag med Elton John på VH1 Fashion and Music Awards 1995 og VH1 Divas Live '99.

Ideen til songen kom ikkje frå verken John eller Taupin, men den dåverande kona til Bernie Taupin. Medan dei diskuterte Caribou fekk Elton John ein av sine legendariske raserianfall og kona til Taupin utropte «the bitch is back». Taupin skreiv så teksten.

Songen vart bannlyst frå fleire radiostasjonar i USA og andre land fordi ein nytta ordet «bitch»

Dusty Springfield er ein av korvokalistane på studioversjonen av songen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «RPM Top Singles». RPM 22 (11): 9. 2 november 1074. 
  2. Guinness British Hit Singles, Fifth Edition, GRRR Books Ltd. and Guinness Superlatives Ltd., 1985, ISBN 0-85112-429-1, p. 115.
  3. Erlewine, Stephen Thomas. «AMG Review: Caribou - Elton John». All Music Guide. Billboard. http://www.billboard.com/#/album/elton-john/caribou/9532/review. Henta 22. nov. 2011.