The Bothy Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

The Bothy Band var ei irsk folkemusikkgruppe som vart danna i 1974. I løpet av dei fire åra bandet varte, sette dei ein standard for irsk tradisjonsmusikk som har vart heilt fram til i dag.

Medlemene i The Bothy Band var Matt Molloy, fløyte og tin whistle; Paddy Keenan, uilleann pipes og tin whistle; Dónal Lunny, bouzouki, gitar, bodhrán og produsent; Tríona Ní Dhomhnaill, harpsichord, klavinett og vokal; and Mícheál Ó Domhnaill, gitar og vokal. Tommy Peoples erstatta Paddy Glackin som felespelar og vart sjølv erstatta av Kevin Burke i 1976.

Det første albumet frå 1975 med namnet The Bothy Band vart rost av kritikarane. Det andre albumet, Old Hag You Have Killed Me, frå 1976, gjorde bandet endå meir populært. Deretter kom Out of the Wind, Into the Sun, som var det siste studioalbumet bandet lagde. Etter det kom livealbumet Afterhours. I 1994 vart nokre av konsertane deira frå 1976 og 1978 gitt ut som BBC Radio One - The Bothy Band: Live in Concert. Etter at bandet vart oppløyst, vart medlemene med i andre grupper, som til dømes Nightnoise, Moving Hearts, The Chieftains, Patrick Street, Planxty og Touchstone.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1975 The Bothy Band
  • 1976 Old Hag You Have Killed Me
  • 1977 Out Of The Wind, Into the Sun
  • 1979 After Hours (Live in Paris)
  • 1983 Best Of The Bothy Band
  • 1995 The Bothy Band - Live in Concert