Planxty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Planxty er ei irsk folkemusikkgruppe som var aktiv på 1970- og 1980-talet. Ho er rekna som ei av dei gruppene som har hatt størst påverknad på irsk folkemusikk dei siste tiåra.

Dei fire opphavlege medlemene av Planxty var Andy Irvine (vokal, mandolin, mandola og bouzouki, Dónal Lunny (bouzouki og gitar), visesongaren Christy Moore (vokal, bodhran og gitar) og Liam O’Flynn (irske sekkepiper (uillean pipes) og blekkfløyte). Christy Moore var ein etablert visesongar, og inviterte dei andre tre til å vera med å spela inn soloplata si, Prosperous, som kom ut i 1970. Samarbeidet gav meirsmak for alle fire, og dei danna gruppa Planxty. Gruppa opptrådde først som oppvarmingsband for den engelske visesongaren Donovan då han turnerte i Irland i 1971. Det første albumet, som òg heitte Planxty (òg kalla The Black AlbumDet svarte albumet grunna fargen på omslaget) kom ut i 1972. Gruppa gjorde stor suksess, og vart ei av gruppene som hadde størst påverknad på moderniseringa og gjenopplevinga av irsk folkemusikk på denne tida.

Eit viktig element i lyden av gruppa var samspelet mellom Lunny og Irvine på bouzouki og mandolin. Eit ekstra element var sekkepipene til Liam O’Flynn, som var ein av dei dyktigaste spelemennene på dei irske belgblåste sekkepipene, uillean pipes, på denne tida. På platene som Planxty gav ut var musikken dels instrumentalspor med irsk dansemusikk eller langsame melodiar (slow airs) og dels songar, sungne av Moore eller Irvine. Songane var for det meste irske folkesongar, men òg enkelte originalkomposisjonar. Gruppa spelte òg inn nokre melodiar frå Balkan – Irvine hadde vorte sterkt påverka av musikk frå Balkan då han reiste rundt i Jugoslavia, Romania og Bulgaria i eit og eit halvt år, før han vart med i gruppa.

Det andre albumet – The Well Below the Valley – kom i 1973. Etter dette forlet Lunny gruppa og vart erstatta av Johnny Moynihan, som hadde spelt med Irvine i Sweeney’s Men. Lunny tok likevel del i innspelinga av den neste plata, Cold Blow and the Rainy Night, som kom i 1974. Etter denne plata vart visesongaren Paul Brady med i gruppa som for ei tid hadde fem medlemer, men like etter slutta Moore. Gruppa spelte ikkje inn fleire plater før ho vart oppløyst. Paul Brady og Andy Irvine gav i 1976 ut plata Andy Irvine and Paul Brady, med songar som dei seinare har sagt ville ha vore med på den fjerde Planxty-plata om ho hadde blitt laga. Dónal Lunny var med å stifta Bothy Band, dei andre heldt fram med solokarrierane sine.

Seint i 1978 vart Planxty samla igjen, med dei fire opphavlege medlemene, pluss Matt Molloy på fløyte, som hadde vore med i Bothy Band med Lunny. Den nye gruppa spelte inn tre album frå 1979 til 1983. Den første var After the Break. På den andre, The Woman I Loved So Well i 1980 deltok Noel Hill og Tony Linnane på trekkspel og fele, og Bill Whelan på keyboard. I 1981 framførte Planxty pauseinnslaget under Melodi Grand Prix i Dublin, ein komposisjon av Bill Whelan som heitte Timedance. Whelan, kjend for å ha laga Riverdance, pauseinnslaget til Melodi Grand Prix i 1994, deltok òg på den siste plata, Words & Music, frå 1983. På den plata deltok òg felespelarane James Kelly og Noelle Casey. Etter dette vart gruppa oppløyst igjen. Moore og Lunny gjekk vidare til den elektriske gruppa Moving Hearts, Molloy vart med i The Chieftains, og Irvine var seinare med å grunnleggja gruppa Patrick Street. O’Flynn heldt fram som studiomusikar og soloartist.

I 2004 vart dei fire opphavlege medlemene av gruppa igjen samla for nokre få konsertar. Det beste av desse konsertane vart gitt ut på plata Live 2004 same året.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1972 - Planxty
  • 1973 - The Well below the Valley
  • 1974 - Cold Blow and the Rainy Night
  • 1976 - The Planxty Collection
  • 1979 - After the Break
  • 1980 - The Woman I Loved So Well
  • 1983 - Words & Music
  • 2004 - Live 2004

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]