The Sprig of Thyme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sprig of Thyme, The Seeds of Love, Maiden’s Lament, Garners Gay, Let No Man Steal Your Thyme eller Rue er ei tradisjonell britisk og irsk folkevise som nyttar botaniske og andre symbol for å åtvare unge folk om farane med falske kjærastar. Songen vart først dokumentert i 1689[1] og dei mange variantane har mange forskjellige titlar.

Oversikt[endre | endre wikiteksten]

I ein versjon av «Maiden’s Lament»[2], fortel forteljaren om å halde hagen sin ryddig og ikkje la noko stele timianen deira. Ein gong hadde ho ei timianspire (sprig of thyme), men gartnarsonen kom med ei raud rose, ein blå fiol og noko bitter rute. Han stal timianen og let berr ruten vere att og ei kryprot voks der timianen hadde stått. Foreldra hennar vart sinte på ho, men ho ville skjere av rosa og plante eit piletre så alle kan sjå.

I ein versjon av «Let No Man Steal Your Thyme»[1], ønskjer ho at ho var i armane til kjærasten, men bed falske menn om å ikkje gje ho årsak til å klage på graset som ho tråkkar ned, for det vil reise seg att.

I somme versjonar av «Garners Gay»[3], plukker forteljaren opp all ruten og plantar ei eik i staden med hop at ho vil vekse seg sterk.

Andre planter vert òg nemnd i andre versjonar.

Kommentar[endre | endre wikiteksten]

Symbolismen i songen er tolka som følgjer[4]:

  • Timian - jomfrudom og til ein viss grad tid.
  • Raud rose - romantiske kjærleik, lyst eller omsynslaus kjærleik
  • Fiol - beskjedenheit
  • Piletre - sorg eller fortviling
  • Rute - anger
  • Eik - styrke, lojalitet

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

  • Anne Briggs spelte inn ei utgåve av «Let No Man Steal Your Thyme» (1963)
  • Jim Moray spelte Seeds Of Love på hans Sweet England (2003)
  • Pentangle spelte inn «Let No Man Steal Your Thyme» på debutplata deira The Pentangle i 1968.
  • Shelagh McDonald spelte inn «Let No Man Steal Your Thyme» i 2005 på eit album med same namn.
  • Roberts and Barrand spelte «Garners Gay» på Live at Holstein's! frå 1983.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]