The Pentangle
-
Denne artikkelen handlar om albumet frå 1968. For det britiske folkrockbandet, sjå Pentangle.
| The Pentangle Studioalbum av Pentangle |
||
| Sjanger | Folkrock | |
| Lengd | 30:52 | |
| Selskap | Transatlantic | |
| Produsent | Shel Talmy | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Pentangle-kronologi | ||
| The Pentangle | Sweet Child (1968) |
|
The Pentangle var debutalbumet til Pentangle frå 1968 med Terry Cox, Bert Jansch, Jacqui McShee, John Renbourn og Danny Thompson. Det førte saman den einskilde interessa for folk, jazz, blues, tidlegmusikk og samtidig låtskriving til ein unik stil. Teksten i plateomslaget, skriven av John Peel, seier:
- Er det naudsynt å snakke om «blandingar av tradisjonelle folkmusikkformer», «musikalsk nyskaping», «felles utforsking» og slikt som det? Svar 'nei' på seksti ord eller mindre. Spel denne plata for dei du er glad i.
Då albumet vart spelt inn var medlemmane i Pentangle alt dyktige musikarar, kvar innan sitt felt, og hadde spelt saman i forskjellige kombinasjonar: Jansch og Renbourn var alt respekterte soloartistar og spelte ofte i lag, mellom anna på albumet Bert And John. McShee hadde sunge på vise- og bluespubar og klubbar og hadde spelt inn musikk i lag med Renbourn på Another Monday. Cox og Thompson var erfarne studiomusikarar og hadde spelt i lag i bandet til Alexis Korner.
Richie Unterberger sa om albumet:
- Om det var meir ei folk-jazz-blues-blanding enn det var folkrock, så rocka det unekteleg med ein god rytmne, og det vart framført med vokalharmoniar, vokal og instrumentale soloar, og ein vågal, uærbødig and som umiddelbart slo an hos rockeorienterte lyttarar. Og rockelyttarane, heller enn viselyttarane, utgjorde truleg størstedelen av publikumet til Pentangle. Albumet nådde akkurat ikkje Topp 20 i Storbritannia.[1]
Innhald [endre]
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Let No Man Steal Your Thyme» | Tradisjonell | 02:37 |
| 2. | «Bells» | Pentangle | 03:52 |
| 3. | «Hear My Call» | The Staple Singers | 03:01 |
| 4. | «Pentangling» | Pentangle | 07:02 |
| 5. | «Mirage» | Bert Jansch | 02:00 |
| 6. | «Way Behind The Sun» | Tradisjonell | 03:01 |
| 7. | «Bruton Town» | Tradisjonell | 05:05 |
| 8. | «Waltz» | Pentangle | 04:54 |
Medverkande [endre]
- Terry Cox – Trommer, vokal
- Bert Jansch – Akustisk gitar, vokal
- Jacqui McShee – Vokal
- John Renbourn – Akustisk gitar, vokal
- Danny Thompson – Kontrabass
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «The Pentangle» frå Wikipedia på engelsk, den 3. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Richie Unterberger, Eight Miles High: Folk-Rock's Flight from Haight-Ashbury to Woodstock, Backbeat Books, 2003. ISBN 0-87930-743-9