The Sun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

The Sun er ein britisk tabloidavis. Avisa er den største engelskspråklege dagsavisa i verda med eit opplag på 3,2 millionar eksemplar kvar dag (per siste kvartal 2004), og har over 8,5 millionar lesarar. Trass i dei høge sals- og lesartala er The Sun også rekna som ei av dei mest hata og omdiskuterte avisene internasjonalt. Ansvarleg redaktør er Dominic Mohan.

Avisa vart skipa i 1964 og var i starten ei fullformatavis utan særleg suksess. Det var først då den australske mediemogulen Rupert Murdoch, som kjøpte avisa i 1969, bestemte seg for å gjere om både profilen og formatet til det tabloide, at salet byrja å vekse. The Sun vart på same tid systerutgåva til søndagsavisa News of the World.

Underhaldingsnytt, sport, nyhende om dei kongelege og seinsasjonalistisk krimstoff vart miksa saman med vanleg reportasjestoff og politiske nyhende. I tillegg vart side 3-jenta innført - eit bilde av ei topplaus jente dagleg. Avisa har også vore bevisst på å vinkle artiklane sensasjonalistisk og svært subjektivt. Dette, i tillegg til flittig bruk av ordspel i titlane, har både bidratt til forsterking av populariteten og til at kritikarane har fått vann på mølla. I 1978 gjekk The Sun forbi sin hovudkonkurrent Daily Mirror i kampen om opplaga.

I motsetnad til dei fleste andre britiske avisene, har The Sun fleire gonger bytta side i den politiske kampen i Storbritannia. I sine første år støtta avisa det britiske arbeidarpartiet, men då Margaret Thatcher vart statsministerkandidat for dei det konservative partiet i Storbritannia i forkant av valet i 1979, vart dei ein av dei viktigaste støttespelarane hennar.

Trass i den stadige kritikken mot dei tabloide verdiane, er avisa alltid vorte rekna som ei viktig politisk avis. Då Tony Blair og strategaren hans skulle atterreise Labour1990-talet, vart dei samde om at dei i det minste måtte nøytralisere The Sun. Det klarte dei, og fekk til og med støtte frå avisa under valkampen i 1997.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]