The Way You Look Tonight

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Way You Look Tonight
Singel av The Lettermen
frå albumet A Song for Young Love
B-side «That's My Desire»
Utgjeve 1961
Sjanger Popstandard
Lengd 2:21
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Dorothy Fields, Jerome Kern
The Lettermen-kronologi
The Way You Look Tonight «When I Fall in Love»
(1961)

«The Way You Look Tonight» er ein song frå filmen Swing Time, opphavleg framført av Fred Astaire. Han vann Oscarprisen for beste song i 1936. Songen vart sungen til Ginger Rogers som Penelope «Penny» Carroll av Astaire-rolla John «Lucky» Garnett medan Penny vaskar håret sitt i rommet ved sidan av, og kjende seg alt anna enn vakker. Songen var skriven av Jerome Kern med tekst av Dorothy Fields, og har vorte ein standard. Fields sa seinare: «Første gong Jerry spelte melodien for meg gjekk eg ut og starta og gråte. Utgjevinga tok livet av meg. Eg klarte ikkje å stoppe, han var så vakker.»[1]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Billie Holiday spelte inn songen same året som filmen kom ut. Han vart òg spelt av Frank Sinatra i 1964, Doris Day, Johnny Pace, Tony Bennett, Ella Fitzgerald, Andy Williams, Chad & Jeremy, Bryan Ferry, Olivia Newton-John, Johnny Maestro, Phil Collins, Harry Connick, Jr., Rod Stewart, Dexys Midnight Runners, James Darren, Michael Bublé, Sal Viviano, Steve Tyrell, Westlife, Joey McIntyre, Maroon 5, Ray Quinn, Kris Allen, Elena Bennett og i 1930-åra som ein duett mellom Bing Crosby og den dåverande kona Dixie Lee. Songen vart òg ein hitt for The Lettermen i 1961, då han nådde 13. plass på Billboard Hot 100.

Jazzpianisten Art Tatum har spelt inn ein instrumentalversjon av songen i 1990.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wilk, Max (1997). They're Playing Our Song. Da Capo Press. s. 56. ISBN 0-306-80746-7.