Phil Collins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Phil Collins
1 collins.jpg
Phil Collins før ein konsert i 2007.
Fødd 30. januar 1951 (63 år), Hounslow,[1] London i England
Instrument Vokal, trommer, perkusjon, gitar, piano, klaverinstrument
Sjanger Progressiv rock, rock, pop, poprock, softrock, jazzfusion, R&B, storband
Aktive år 1968-2011
Yrke Låtskrivar, musikar, skodespelar
Tilknytte artistar Genesis
Brand X
Flaming Youth
The Phil Collins Big Band
Nettstad www.philcollins.co.uk

Philip David Charles «Phil» Collins, LVO, CBE (fødd 30. januar 1951)[2] er ein engelsk songar og låtskrivar, trommeslagar, pianist og skodespelar, mest kjend som trommeslagar og vokalist for den rockegruppa Genesis og som soloartist.

Collins song solovokal på mange hittar mellom 1975 og 2010, anten som soloartist eller med Genesis. Singlane hans, som stundom omhandla tapt kjærleik, varierte frå den tromme-tunge «In the Air Tonight», dansepop-songen «Sussudio», pianosongen «Against All Odds», til politiske meldingar i «Another Day in Paradise».

Den profesjonelle musikkarrieren til Collins starta som trommeslagar, opphavleg i bandet The Real Thing med Andrea Bertorelli, som seinare vart den første kona hans. Collins spelte trommer og delte på synginga med Brian Chatton i Flaming Youth som spelte inn eitt album, (Ark II). I 1970 tok han over på trommer i Genesis, som då alt hadde spelt inn to album. I Genesis song Collins houvdsakleg korvokal bak frontmannen Peter Gabriel, og medan Gabriel var i bandet song han berre solovokal på to songar: «For Absent Friends» frå Nursery Cryme i 1971 og «More Fool Me» frå Selling England by the Pound som kom i 1973. Då Gabriel forlét bandet i 1975 tok Collins over som songar i bandet.

Solokarrieren hans var kraftig påverka av det personlege livet hans, noko som gav både han sjølv og Genesis stor kommersiell suksess. I følgje Atlantic Records, hadde Collins som soloartist i år 2000 seld 150 millionar plater.[3] Collins har vunne mange musikkprisar gjennom karrieren sin, mellom anna sju Grammy-prisar, fem Brit Awards, mellom anna beste mannlege britiske artist tre gonger, ein Oscarpris og to Golden Globes for soloarbeidet sitt[4][5] Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Genesis i 2010.

Collins er ein av berre tre soloartistar (i lag med Paul McCartney og Michael Jackson) som har selt over 100 million album verda over både som soloartist og i tillegg som medlem av eit band. Legg ein saman arbeidet hans med Genesis, andre artistar og solokarrieren, var det ingen som hadde fleire hittar inne på Topp 40 på Billboard Hot 100 i USA i 1980-åra enn Collins.[6] I 2008 vart Collins rangert som den 22. mest suksessrike artisten på «The Billboard Hot 100 Top All-Time Artists».[7]

Collins annonserte i 2011 at han hadde trekt seg frå musikkindustrien på grunn av helseproblem.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

På 1970-talet spelte Collins saman med jazzfusion-bandet Brand X og på 1980-talet samarbeidde han med George Harrison, Paul McCartney, Eric Clapton, Mike Oldfield og mange andre, både som studiomusikar og som produsent i tillegg til jobben som trommeslagar og vokalist i Genesis. I denne perioden opptredde han òg som soloartist med stor suksess. Han er òg skodespelar og i 1988 hadde han hovudrolla i filmen Buster.

I 1976 var Genesis i Oslo på snarvisitt. Under opphaldet møtte Collins på den norske viseduoen Tobben & Ero. Dette førde til innspelinga av «Skammens terskel», der Collins speler trommar. Låta vart utgjeve på Gi meg et hus same år.

I 1985 var han den einaste artisten som deltok på begge Live Aid-konsertane (i London og Philadelphia). Tidleg på dagen spelte han eit kort solo-sett og spelte trommer for StingWembley Stadium, før han sette seg i ein Concorde og landa i USA. Så vart han frakta i helikopter frå flyplassen til JFK stadion i Philadelphia. Der spelte han nok eit solo-sett før han spelte trommar saman med Led Zeppelin og Eric Clapton.

Phil Collins har fått seg eit stort namn som låtskrivar, og då Walt Disney i 1999 gjorde animasjonsfilmen Tarzan fekk han oppdraget å lage filmmusikkenn. «You’ll Be in My Heart» frå filmen fekk ein Oscar for beste song. Då Disney laga filmen Min bror bjørnen fekk Collins igjen oppdraget med å lage filmmusikken.

Collins skriv ikkje notar i vanleg forstand, men han har eit eige system for å skrive ned musikken. Høyrsla hans blir sagt å ha vorte dårleg på det eine øyret, og i 2003 kunngjorde han at han ville byrje på sine avskjedsturnear. Han har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Sommaren 2007 stod han igjen på scena med det gamle bandet sitt Genesis, som turnerte i Europa og Amerika med Turn It On Again Tour.

I 1997 vart han tildelt MusiCares Person of the Year, og han vart i 2005 utnemnt til offiser av Order of the British Empire for bidraget sitt innan musikk og for engasjementet sitt for å nedkjempe fattigdom i verda. Collins er òg utnemnt til løytnant av Den kongelege Victoriaordenen.

Det vart i 2011 estimert at Collins hadde ein formue på £115 million (i overkant av éin milliard kroner) i Sunday Times Rich List, noko som gjer han til ein av dei 20 rikaste musikarane i britisk musikkindustri.[8]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Genesis[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Genesis-diskografi.

Brand X[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Nummer-ein-singlar[endre | endre wikiteksten]

Dei følgjande singlande nådde toppen av singellista i Storbritannia eller USA.

År Singel Plassering
UK US
1982 «You Can't Hurry Love» 1 10
1984 «Against All Odds (Take a Look at Me Now)» 2 1
1985 «Easy Lover» (med Philip Bailey) 1 2
«One More Night» 4 1
«Sussudio» 12 1
«Separate Lives» (med Marilyn Martin) 4 1
1988 «A Groovy Kind of Love» 1 1
«Two Hearts» 6 1
1989 «Another Day in Paradise» 2 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Not one more night: Singer Phil Collins announces his retirement». Dailymail.co.uk. http://www.dailymail.co.uk/news/article-1364205/Phil-Collins-confirms-retirement-dedicate-time-father.html. Henta 5 June 2012. 
  2. GRO Register of Births MAR 1951 5e 137 EALING – Philip D. C. Collins, mmn = Strange
  3. "Phil Collins Celebrates TESTIFY with Weekend Today Performance and NYC In-Store», Atlantic Records press release. 15. november 2002.
  4. Brit Awards: Phil Collins Brits.co.uk. Henta 24. november 2011
  5. Past Winners: Phil Collins Grammy.com. Henta 24. november 2011
  6. Anderson, John (7 January 1990), Pop Notes 
  7. Billboard Hot 100 Chart 50th Anniversary, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 2008-09-13, http://web.archive.org/web/20080913150551/http://www.billboard.com/bbcom/specials/hot100/charts/top100-artists-20.shtml, henta 20. september 2012 
  8. «The top 50 richest people in music». http://www.thisismoney.co.uk/celebrity/article.html?in_article_id=532417&in_page_id=181. 
  9. 9,0 9,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th ed.). London: Guinness World Records Limited. s. 76. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Phil Collins
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Phil Collins