Theodoros Angelopoulos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Theodoros Angelopoulos

Theodoros Angelopoulos (Θόδωρος Αγγελόπουλοςgresk) (27. april 193524. januar 2012) var ein gresk filmregissør. Han er kjend for lange innstillingar, langsamt tempo og tok ofte opp tema frå nyare gresk historie.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Angelopoulos studerte juss i Athen, men etter militærtenesta drog han til Paris, der han gjekk på universitet. Han droppa studia for å heller studere film på IDHEC (Institut des Hautes Études Cinématographiques), som også ligg i Paros. Deretter drog han tilbake til Hellas og arbeidde som journalist og filmkritikar.

Angelopoulos laga den fyrste kortfilmen sin i 1968. På 1970-talet laga han ein serie med politiske spelefilmar og det moderne Hellas, sånn som Meres tou 36 (1972), O Thiassos (1975) og I Kinighi (1977). Fleire kjende filmar er Topio stin Omichli (1988), To Vlemma tou Odyssea (1995), Mia aiwniothta kai mia mera (1998) og Trilogia I: To Livadi pou dakryzei (2004).

Under Cannes filmfestival i 1998, fekk Angelopoulos-filmen Mia aiwniothta kai mia mera Gullpalmen for beste film.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i karrieren sin grunnla han ein karakteristisk stil med langsam, episodisk og tvitydig forteljarteknikk (O Thiassos, som varar i heile fire timar, består av berre 80 innstillingar) Innstillingane er ofte kompliserte, nøye koreograferte og inneheld store folkemassar.

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Angelopoulos samarbeider ofte med fotografen Giorgos Arvanitis og komponisten Eleni Karaindrou under filmproduksjonane sine.

Triva[endre | endre wikiteksten]

I boka The New Biographical Dictionary of Film av filmkritikaren David Thomson er Angelopoulos rekna som ein av dei største levande regissørane i verda.