Thermidor-reaksjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gendarmen Merda skyt mot Robespierre under Thermidor-reaksjonen, natt til 9. thermidor

Thermidor-reaksjonen var ein revolt i det franske Nasjonalkonventet mot Skrekkveldet og førte til avsetjinga og avrettinga av Robespierre og andre i krinsen rundt han. Namnet «Thermidor» viser til «9. thermidor år II», som den 27. juli 1794 vart kalla etter den franske republikanske kalenderen.

Nemninga kan òg vise til perioden frå denne revolten til Nasjonalkonventet vart erstatta med Direktoriet året etter.

Medlemene i Velferdskomitéen og Nasjonalkonventet avsette Robespierre og krinsen rundt han 27. juli, og alt dagen etter vart dei avretta, utan rettssak. Skrekkveldet hadde isolert Robespierre også frå dei som tidlegare hadde støtta han.

Men Thermidor-regimet vende seg imot mange av dei som hadde vore med på revolten mot Robespierre, og det vart sett i gang ein «kvit terror» som resulterte i mange arrestasjonar og hundrevis av giljotineringar, som nesten berre ramma folk på venstresida.

Termen Thermidor har i ettertid komme til å bety den fasen i somme revolusjonar då makta går over til eit meir konservativt regime. Lev Trotskij kalla i boka The Revolution Betrayed Stalin-regimet «det sovjetiske thermidor».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

I hovudsak engelskspråkleg wikipedia.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!