Thomas George Montgomerie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Thomas George Montgomerie (fødd 1830; død 1878) var ein engelsk landmålar som tok del i kartlegginga av India i 1850-åra.

Karakoram nummererte han dei mest markante toppane han såg og gav dei eit nummer med prefikset K (for «Karakoram»). Verdas nest høgste fjell, K2, er det einaste som framleis har det som opphavleg var tenkt som provisoriske namn. Til dømes har fjellet han gav nummeret K1 fått attende lokalbefolkninga sitt namn, Masherbrum. Sjølv om Montgomerie sine målingar var gjort med temmeleg enkle middel og til dels frå lang avstand, er høgdene han rekna seg fram til ganske overenstemmande med seinare målingar.

Etter å ha målt opp India fortsette han det same arbeidet i Tibet. Sidan Tibet ikkje var del av Det britiske Imperium og sperra for utlendingar, fekk han gjennomført arbeidet ved å utdanne indarar som kledde seg ut som tibetananar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]