K2
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| K2 | ||
|---|---|---|
|
|
||
| Høgd over havet | 8 611 m. | |
| Ligg i/på | Gilgit-Baltistan nord-aust i Kashmir i Pakistan. | |
| Fjellkjede | Karakoram | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Førsteklatring | 31. juli 1954 av Lacedelli og Compagnoni | |
K2, også kjend som Chogori, Dapsang, Kechu, Lambha Pahar, Qogir Feng og Mount Godwin-Austen, er det nest høgaste fjellet i verda etter, Mount Everest. Toppen ligg på 8 611 moh. Fjellet ligg i Kashmir, i fjellkjeda Karakoram i Gilgit-Baltistan nordaust i Pakistan.
Fjellet vart først kartlagd av ei gruppe europeiske forskarar leia av Henry Haversham Godwin-Austen i 1856. Første bestiginga stod eit italiensk klatrelag for i 1954. Det er vanleg å rekne K2 for eit vanskelegare fjell å klatre enn til dømes Mount Everest, både på grunn av at det er brattare på alle sider og av di det ligg lenger mot nord. I juni 2000 hadde 189 personar vore på toppen. 49 hadde mist livet i forsøket.
[endre] Bakgrunnsstoff
|
|
|
|---|---|
| Mount Everest · K2 · Kantjendjunga · Lhotse · Makalu · Cho Oyu · Dhaulagiri · Manaslu · Nanga Parbat · Annapurna · Gasherbrum I · Broad Peak · Gasherbrum II · Shisha Pangma |