Thor Hushovd
Thor Hushovd (fødd 18. januar 1978 i Grimstad) er ein norsk syklist som syklar for det amerikanske laget Garmin-Cervélo. Han sykla for det franske laget Crédit Agricole frå han vart proff i 2000, og til laget vart lagt ned etter 2008-sesongen. Deretter sykla han to sesongar for Cervélo TestTeam fram til laget vart lagt ned.
Hushovd er ein spurtspesialist som satsar på dei klassiske sykkelritta, samt spurtpoeng og etappesigrar i dei store etapperitta. Han vann grøn trøye i Tour de France i 2005.
Innhaldsliste |
Karriere [endre]
Junior [endre]
Hushovd byrja å sykle som 10-åring, og vann det fyrste rittet sitt på tempoetappen over 5 kilometer under Vårtråkken i 1988. På det norske juniorlandslaget vann han i 1995 ein etappe i Tour of Frankfurt, og i 1996 vart han juniornoregsmeister i både tempo- og landevegsritt. Han kom også på tiande plass på temporittet under juniorverdsmeisterskapen dette året.[1]
U23 / Amatør [endre]
I 1997, det fyrste året hans som U23-ryttar, tok Hushovd fire etappesigrar under Ringerike Grand Prix, og vart dermed den yngste vinnaren av rittet med sine 19 år. Året etter vann han U23-verdsmeisterskapen i temporitt og verdscupen samanlagt. I 1999 tok han i alt 22 sigrar som amatørryttar, og igjen Ringerike Grand Prix, inkludert tre etappesigrar. Mot slutten av 1999 skreiv han proffkontrakt med Crédit Agricole.[1]
Tour de France [endre]
Hushovd debuterte i Tour de France i 2001. Han var med på laget som vann 5. etappe i lagtempo, men fullførde ikkje konkurransen. Han vann éin etappe i 2002, éin etappe i 2004 og i 2006 vann han både prologen og den prestisjefylde sisteetappen opp Champs-Élysées. 9. juli 2007 var han involvert i ein massevelt på andre etappe av Tour de France 2007, men berre to dagar seinare, 11. juli 2007 vann han igjen ved ein massespurt på fjerde etappe. Året etter, 6. juli 2008, tok han den sjette etappesigeren i karrieren sin ved å vinne andre etappe.
Grøn trøye [endre]
I poengkonkurransen har han i alle år sidan 2003 vore mellom dei fire beste. Han vann den grøne trøya i 2005 utan å vinne ein einaste etappe. I 2008 var han mellom dei største favorittane til å vinne trøya, og etter femte etappe kunne han ta på seg grøn trøye, men vart til slutt slått av Oscar Freire med 50 poeng.
Gul trøye [endre]
På den tredje etappen i 2004 fekk han som fyrste nordmann i historia æra av å køyre med den gule leiartrøya. I 2006 vann han prologen og kunne dermed igjen ta på seg gul trøye. Han mista trøya etter eit uhell i spurten i den fyrste etappen, men vann henne tilbake på andre etappe. Etter tredje etappe mista han henne att.
Vuelta a España [endre]
I 2005 vann han femte etappe i Vuelta a España. Han leidde poengkonkurransen då han trekte seg etter ti etappar. Året etter vann han sjette etappe og vart nummer to på 2., 3., 4., 13. og 21. etappe. Han sykla med den gyldne leiartrøya frå tredje til femte etappe og vann poengtrøya.
Giro d'Italia [endre]
Hushovd stilde til start i Giro d'Italia for fyrste gong i 2007. Hushovd vert eigentleg nummer to på etappe nummer sju, men ettersom vinnaren av etappen, Alessandro Petacchi, seinare vart teken i doping, vart Hushovd tilkjend sigeren. Hushovd gav seg på 12. etappe.
OL [endre]
Hushovd deltok for fyrste gong i dei olympiske leikane under Sydney-OL i 2000, og kom på sjuande plass på mennene sitt temporitt.
Hushovd stilde ikkje til start under sommar-OL 2008, sjølv om han eigentleg var teken ut på OL-landslaget. Han var sjuk og utmatta etter Tour de France 2008 og valde difor å trekkje seg frå leikane.
Meritt [endre]
- 2009
-
- Omloop Het Nieuwsblad
- 3. etappe i Tour of California
- Prologen i Catalonia rundt
- 2008
-
- Tour de France
- 2. etappe
- Catalonia rundt
- Prologen
- Poengtrøya
- 1. etappe
- 6. etappe i Dunkirk 4-dagars
- Paris-Nice
- Prologen
- Poengtrøya
- Tredjeplass på 1. etappe, andreplass på 2. etappe
- Tredjeplass Omloop Het Volk
- 1. etappe i Tour Méditerranéen
- Tour de France
- 2007
-
- Nummer 31 i UCI ProTour 2007
- Tour de France
- Fjerdeplass i poengkonkurransen
- 4. etappe
- Andreplass på 1. etappe og 20. etappe (sisteetappen)
- Andreplass på 5. etappe og 7. etappe i Giro d'Italia
- Andreplass på 4. etappe og tredjeplass på 3. etappe i Eneco Tour
- Andreplass i GP Ouest-France
- 2006
-
- Nummer 11 i UCI ProTour 2006
- Tour de France
- Prologen og 20. etappe
- Gul trøye etter prologen og etter 2. etappe
- Tredjeplass i poengkonkurransen
- Vuelta a España
- 6. etappe
- Poengkonkurransen
- Gulltrøye (samanlagtleiing) etter 2. etappe (3 dagar)
- Andreplass på fem etappar (2., 3., 4., 13. og 21.)
- Gent-Wevelgem
- 7. etappe i Dauphiné Libéré
- 4. etappe i Tirreno-Adriatico
- Poengkonkurransen og 3. etappe i Catalonia rundt
- Poengkonkurransen i Dunkirk 4-dagars
- 2005
-
- Nummer 34 i UCI ProTour 2005
- Noregsmeister på tempo
- Poengkonkurransen og 7. etappe i Catalonia rundt
- Tour de France
- Poengkonkurransen (ingen etappesigrar)
- Vuelta a España
- 5. etappe
- 2004
-
- Norgesmester på tempo
- Norgesmester i landeveisritt
- Tour de France
- 8. etappe
- Andreplass i poengkonkurransen
- Gul trøye etter 2. etappe
- Samanlagt (15 ritt) – Coupe de France de cyclisme sur route
- Classic Haribo
- Grand Prix de Denain
- Tour de Vendée
- Tredjeplass i Cholet-Pays de Loire
- 2003
-
- Tour de France
- Fjerdeplass i poengkonkurransen
- Tour de France
- 2002
-
- Noregsmeister på tempo
- Tour de France
- 18. etappe
- 2. etappe i Tour de L'Ain
- 2001
-
- Tour de France
- 5. etappe (lagtempo)
- Samanlagt og poengkonkurransen i Tour de Normandie
- Samanlagt Tour of Sweden (PostGirot Open)
- Paris-Corrèze
- Tour de France
- 2000
- Dei olympiske leikane
- 7. plass i temporittet
- 1998
-
- U23-verdensmester i tempo