Thorvald Astrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Thorvald Astrup (18. mai 187612. august 1940) var ein norsk arkitekt som særleg stod for fleire norske industribygg.

Han vart fødd i Kristiania (Oslo) og utdanna seg til arkitekt ved Kristiania Tekniske Skole 1891 til 1892. Deretter tok han Kunst- og handtverksskulen i Kristiania 1892 til 1893. Astrup studerte sidan ved den tekniske høgskulen i Berlin (Technische Hochschule Charlottenburg) frå 1896 til 1897.

Frå 1899 var han praktiserande arkitekt i Kristiania. Astrup vart tidleg knytt til industrien som arkitektkonsulent, og fekk her ei rad oppdrag med utforming av større kraft- og transformatorstasjonar, fabrikk- og dambygg. I dei monumentale bygga som utviklinga av storindustrien førde med seg brukte han både nyklassisistiske stilen og funksjonalismen verkemiddel.

Astrup teikna mange industribygg, mellom anna Såheim kraftstasjonRjukan saman med Olaf Nordhagen (1916) og Tyssedal kraftanlegg i (1906). Adminiet på Rjukan er teikna av Thorvald Astrup og er peika ut som eit av dei venaste trebygg i jugendstil i Noreg.

Nokre bygg der Astrup var med som arkitekt[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]