Tommaso Campanella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tommaso Campanella

Tommaso Campanella, (5. september 156821. mai 1639), døypt Giovanni Domenico Campanella, var ein dominikansk teolog, filosof og diktar. Han er kjend som utopist og forfattar av Solstaden.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Campanella vart fødd i Stilo i Calabria, og gjekk inn i dominikanarordenen i 1582, mindre enn femten år gamal. Han studerte teologi og filosofi, og vart inspirert av empirismen til Bernardino Telesio. Han kom òg i kontakt med okkulte og astrologiske strøymingar. Med meiningar som ikkje stemde overeins med det rådande aristoteiliske vitskapssynet, kom han i konflikt med kyrkja og inkvisisjonen. Då han i 1599 medverka i ei samansverjing mot dei spanske styresmaktene i Calabria, med planar om å innføre eit kollektivistisk brorskap, ikkje ulikt samfunnet han seinare skildra i Solstaden, vart han fengsla og torturert. Han slapp unna avretting, men vart sitjande 27 år i fengsel i Napoli. I denne tida vart dei viktigaste verka hans skrivne. Etter å ha vorte frigjeven med hjelp frå pave Urban VIII, drog Campanella til Paris, der han med stønad frå Ludvig XIII levde dei siste åra av livet.

Solstaden[endre | endre wikiteksten]

Utopien Solstaden vart utgjeve på italiensk (La città del Sole) i 1602, og på latin (Civitas Solis) i 1623. Verket skildrar eit teokrati med kollektivistiske trekk, inspirert av idear om universalmonarki, katolisisme, og platonsk statsfilosofi. Solstaden er bygd rundt eit strengt geometrisk rammeverk: han ligg ved ekvator, er omslutta av sju murar (ein for kvar planet ein kjende til), og har ein port ut mot kvar av dei fire verdshjørna.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Metaphysica, 1638
  • Philosophia sensibus demonstrata, 1591
  • La città del sole, 1602
  • Monarchie Messiae, 1605
  • Prodromus philosophiae instaurandae, 1617
  • Apologia pro Galileo, 1622
  • Atheismus triumphatus, 1631
  • Metaphysica I-III, 1638

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tommaso Campanella