Aristoteles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aristoteles på eit romersk veggmåleri.

Aristoteles (gresk Ἀριστοτέλης Aristotélēs) (384 f.Kr.322 f.Kr.) var ein gresk filosof og naturforskar. Saman med Platon vert han ofte sett på som ein av dei to største filosofane i den antikke verda. Skolastikken, som spelte ei stor rolle innanfor mellomalderkristendommen, har røter i aristotelisk tenking.

Aristoteles er særleg kjent for å ha utvikla læra om syllogistiske slutningar, for si årsaks- og forandringslære og for si lære om praktisk skjønn og den gylne middelvegen.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Som son av ein lækjar vart Aristoteles fødd i 384 f.Kr. i Stagira i det nordlege Hellas. Då han var 17, fór han i 367 f.Kr. til Aten for å studera ved Akademiet, Platon sin skule. Der blei han dei neste to tiåra. Frå 344 f.Kr. til 342 f.Kr. studerte Aristoteles marinbiologi på Lésvos. Deretter hadde han jobb som privatlærar for den komande Aleksander den Store frå 342 f.Kr. til 340 f.Kr., og seinare grunnla han ein skole i Aten, Lyceum, og eit bibliotek.

Om Aristoteles er det dessutan kjent at han stamma.

Logikk[endre | endre wikiteksten]

Syllogismelæra handlar om korrekte og ukorrekte sluttingsfigurar og blir sett på som byrjinga på logikken som vitskap, sjå syllogisme. I forhold til moderne logikk har læra eit svært avgrensa bruksområde. Ho blir fortsatt brukt innan til dømes muslimske og katolske tradisjonar.

Fysikk[endre | endre wikiteksten]

Aristoteles sitt fysikkomgrep var mykje vidare enn den moderne forståinga av faget, og han såg til dømes på rørsle som alle former for forandring, også vekst og aldring.

Han såg på universet som bygd opp av fem element, og fire av dei fann ein på jorda: Eld, luft, jord og vatn. Av dette kjem det moderne uttrykket «kvintessens»; av latin quint, 'fem' og essentia, 'essens, element'.

Aristoteles kom fram til at jorda var ein klode. Han la merke til at når ho skugga for sola under måneformørkingar var ho alltid rund, same kor månen stod på himmelen. Hadde jorda hatt ei anna form ville dette ha påverka utsjånaden til skuggen.

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Aristoteles vert rekna som grunnleggaren av biologi som vitskap. Det er to ting som er spesielt verdt å nemna: Vektlegginga av samanhengen mellom final og formal årsak og ei systematisk ordning av alle gjenstandane i naturen i eit hierarkisk system.

For levande skapningar kan final årsak seiast å vera økologisk nisje, eller naturleg plass. Den formale årsaka er tilsvarande anatomien til den levande skapningen. Å uttrykka ein samanheng mellom final og formal årsak vil for Aristoteles til dømes vera å seia at føtene våre er forma slik at me skal kunna gå rundt på jorda. Dette står delvis i kontrast med evolusjonsteorien til Darwin, men sjølve ideen, at det er viktig å skildra ein samanheng mellom funksjon og struktur, er viktig i dag også.

Aristoteles ordna alle gjenstandane i eit hierarkisk system, med grunnlina menneske-organisk liv (dyr og planter)-uorganiske ting (bruksting og naturlege ting). Kvart nivå har sine karakteristiske vesentlege eigenskapar som ikkje kan reduserast til eit lågare nivå: Plantene har ei vegetativ sjel, dei kan ta opp næring, dyr har i tillegg ei sensorisk og motorisk sjel, dei kan sansa og røra på seg, medan menneska i tillegg har ei fornuftig sjel. Med sjel meiner ein då den formale årsaka til ein levande organisme.

Mal:Lino FA