Toompea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åsen sett frå tårnet på St. Olavskyrkja
Parlamentsbygningen

Toompea (tysk Domberg eller «Domåsen») er ein kalksteinsås sentralt i Tallinn, hovudstaden i Estland. Han er 20–30 meter høgare enn byen rundt og dekkjer eit område 400 × 250 meter. I segnene er åsen gravhaugen til Kalev, reist i minnet hans av den sørgjande kona. På åsen ligg parlamentsbygningen i Estland, Riigikogu.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein meiner at den første treborga, Lindanise, vart bygt på åsen anten på 900- eller 1000-talet av innbyggjarar i det gamle estiske grevskapet Revalia. Han var truleg ein av dei første busette områda i det som seinare vart Tallinn.

I 1219 vart borga overteken av danske krossfarar – leidde av Valdemar II. I følgje ei segn som er populær hos danskane, fall det aller første danske flagget (Dannebrog) frå himmelen under eit kritisk punkt i slaget som vart utkjempa nær borga, og danskane fekk styrke og vann difor slaget over estarane.

På toppen av Toompea-borga (Castrum Danorum) står tårnet Pikk Hermann («Høge Hermann»). Den første delen av tårnet vart bygd 1360–70, og vart seinare ombygd på 1500-talet. Flagget på toppen av tårnet er eit av dei mest kjende symbola til dei som styrte landet.

Under forskjellige herskarar (Den tyske riddarordenen, Sverige, Det russiske riket) vart Toompea rekna som ein eigen by (Dom zu Reval) med eit eige styre. Byen hadde forskjellige særeigne rettar og privilegium. Toompea vart slått saman med Tallinn («den lågare byen») i 1878. Ein særeigen privatrett var i kraft i Toompea fram til 1944.

Den mykje ombygde Toompea-borga, som opphavleg bestod av palasset til leiaren, ei mellomalderfestning og den ekspresjonistiske paralamentsbygningen, huser i dag det estiske parlamentet. Fasaden til det klassisistiske palasset dominerer Lossi plats («Slottsplassen»), der den russisk-ortodokse Aleksander Nevskij-katedralen, som stod ferdig i 1900 òg ligg. Andre stader på Toompea er bygningen til den estiske regjeringa (òg kjend som «Stenbock-huset»), den lutherske katedralen (Toomkirik), som gav namn til Toompea (Domberg) og Det estiske vitskapsakademiet.

Toompea

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]