Tor Fuglset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tor Fuglset
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. april 1951 (73 år)
Molde kommune
Idrett fotball

Tor Fuglset (fødd 23. april 1951) er ein tidlegare fotballspelar og journalist frå Molde. Han var ein teknisk dyktig angrepsspelar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Fuglset debuterte på tredjedivisjonslaget Molde FK i 1968 og spelte våren 1969 på Odda sitt lag på same nivå. Sommaren 1969 melde han overgang til topplaget Fredrikstad FK, der broren Jan Fuglset allereie var. Frå vårsesongen 1971 til sommaren 1972 spelte Tor Fuglset på oslolaget Lyn. Han var så overført til nederlandske FC Den Haag. Etter to skadeplaga sesongar i Nederland gav han opp fotballen. I 1979 gjorde han forsøk på å kome tilbake i Molde-drakta, men måtte gje opp for godt.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Talentfulle Tor Fuglset hadde både junior- og ungdomslandskampar bak seg då han fekk sin landslagsdebut på Noregs A-lag i september 1970. Fram til november 1972 deltok han i 9 landskampar og skåra 2 mål. Han skåra på straffespark i debutkampen 13. september og i EM-kvalifiseringskampen mot Bulgaria i Sofia 15. november 1970, eit oppgjer som enda uavgjort 1–1.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Andreplass i serien: 1969 med Fredrikstad FK og 1971 med S/F Lyn
  • Finaletap i NM-cupen: 1969 med Fredrikstad FK

Kjelder[endre | endre wikiteksten]