Sofia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg namnet Sofie og Sofia församling i Sverige
Sofia
Alexander-Nevski-katedralen i Sofia.
Alexander-Nevski-katedralen i Sofia.
Flagget til Sofia Byvåpenet til Sofia
Flagget til Sofia Byvåpenet til Sofia
Styresmakter
Land
Provinsar
Bulgaria
Sofia
Ordførar Bojko Borisov
Geografi
Flatevidd
 - By

1 310 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik
 - Storbyområde

1 246 791
  907/km²
1 377 761
Koordinatar 42°42′0″N 23°20′0″EKoordinatar: 42°42′0″N 23°20′0″E
Høgd over havet 550 m
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse anna
Heimeside: sofia.bg
Plassering
Sofia sin plassering i Bulgaria
Sofia sin plassering i Bulgaria

Sofia (bulgarsk: София) er hovudstaden og den største byen i Bulgaria. Han har 1 246 791 innbyggjarar (2006), og er med det den 15. største byen i EU. Byen ligg i den vestlege delen av landet, i Sofiadalen ved foten av fjellet Vitosja, og er det administrative, kulturelle og økonomiske senteret i landet.

Sofia er ein av dei eldste hovudstadane i Europa, og har ei historie som strekkjer seg tilbake til 700-talet fvt., då thrakarar busette seg her. Byen har mellom anna òg vore romersk busetnad. Namnet på byen kjem frå gresk og betyr «visdom», og byen har hat mange forskjellige namn gjennom tidene, og ein kan framleis sjå spor etter den lange historia til byen .

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sofia har vore eit senter for kristendom sidan Romartida

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Sofia vart grunnlagd av thrakarar som Serdica, kalla opp etter den thrakiske stamma Serdi. Rundt 500-talet fvt. busette stamma Odrysi seg i området, kjend som personar (ethnos) med sitt eige kongedøme. Under ein kort periode på 300-talet fvt. kom byen inn under Filip II av Makedonia og son hans Aleksander den store.

Rundt år 29 e.Kr vart Sofia erobra av Romarriket og omdøypt til Ulpia Serdica. Byen vart eit municipium, eller senter for ein administrativ region under styret til keisar Trajanus (98-117). Den første nedskrivinga om Serdica vart gjort av Klaudios Ptolemaios (rundt 100 e.Kr). Byen vart utvida med små tårn på bygningar, bymurar, offentlege bad, administrative og kulturelle bygningar, ein basilika og eit stort amfiteater kalla Bouleutherion. Då keisar Diocletianus dela provinsen Dakia i Dacia Ripensis (ved breidda av Donau) og Dacia Mediterranea, vart Serdica hovudstad i Dacia Mediterranea. Byen vart utvikla dei neste 150 åra, og Konstantin den store kalla byen «Mitt Roma».

Serdica var ein mellomstor by, men var praktfull med planlagd planering og arkitektur, og eit aktivt sosialt liv. Byen blømde under leiing av den bysantiske keisaren Justinianus, då det vart bygd store slottsmurar kring byen, som ein framleisk kan sjå delar av i dag.

Byen vart øydelagd av hunarar i år 447, men vart gjenoppbygd av Justinianus og omdøypt til Triaditsa.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Sofia vart før ein del av Det første bulgarske riket under styret til Krum i år 809. Etter dette vart byen kjend under det slaviske namnet Sredets og voks til ein viktig festning og administrativt sentrum.

Etter fleire mislykka omleiringar fall byen inn under Det bysantiske riket i år 1018, men vart igjen ein del av Det andre bulgarske riket og styret til tsar Ivan Asen I.

Frå 1100- til 1300-talet var Sofia ein viktig handel- og handverksstad. Han vart gjeve namnet Sofia (gresk for visdom) i år 1376 etter kyrkja St. Sofia. Byen vart kalla både Sofia og Sredets fram til 1500-talet, då det nye namnet gradvis erstatta det gamle.

Det osmanske riket[endre | endre wikiteksten]

Sofia kom etter kvart inn under Det osmanske riket under leiing av Murad I i år 1382, og vart hovudstad i den osmanske provinsen (beylerbeylik) Rumelia, som eksisterte til 1715 då dei fleste katolikkar emigrerte.

Det sjølvstendige Bulgaria[endre | endre wikiteksten]

Sofia var frigjeve av russiske troppar i år 1878 under den russisk-tyrkiske krigen (1877-1878) og vart hovudstad i det autonome fyrstedømet Bulgaria i år 1879, som vart kongedømet Bulgaria i 1908.

Under den andre verdskrigen vart Sofia bomba av allierte luftstyrkar seint i 1943 og tidleg 1944, og vart seinare okkupert av Sovjetunionen. Bulgaria sitt regime, som allierte landet med Nazityskland, vart styrta og Sofia vart hovudstad i den kommuniststyrte Folkerepublikken Bulgaria (1944-1989).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sofia ligg strategisk til på Balkan, og er omgjeve av fjell på tre sider. Tre fjellovergangar går gjennom byen, som derfor sidan antikken har lege ved ein svært viktig veg frå Adriatarhavet og Sentral-Europa til Svartehavet og Egearhavet.

Fleire mindre elvar renn gjennom byen, mellom anna Vladajska og Perlovska. Iskar renn nær dei austre delane av Sofia. Byen er òg kjend for mange mineralkjelder. Det siste hundreåret er det vorte bygd fleire kunstige innsjøar.

Byen ligg 150 km nordaust for Plovdiv, den nest største byen i Bulgaria, 390 km vest for Burgas, 470 kilometer vest for Varna, som er den største hamnebyen i Bulgaria ved kysten av Svartehavhet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimatabell
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Middla maksimumstemperatur (°C) 2,2 4,9 9,8 15,7 20,3 23,5 25,9 26,0 22,6 16,6 9,6 4,1 15,1
Middla minimumstemperatur (°C) −4,9 −2,9 0,3 4,8 9,0 12,1 13,8 13,4 10,4 5,7 1,2 −2,7 5
Nedbørsnormal (mm) 28 31 38 51 73 75 63 51 38 35 48 40 572
Middla tal på dagar med regn 10 10 10 12 14 13 10 8 7 7 9 11 121
Kjelde: World Weather

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kulturens nasjonalpalass, NDK

Sofia er ein av dei eldste hovudstadane i Europa, og blandar historia sin med notida med ein merkverdig arkitektstil. Historiske landemerker er mellom anna Bojanakyrkja frå 900-talet (ein del av Bulgaria sin verdsarv), og Alexander Nevskijkatedralen (ei av verdas største ortodokse kyrkjer), og den tidlege bysantiske St. Sofiakyrkja.

Meir moderne arkitektur kan ein sjå på den bulgarske nasjonaloperaen og balletten, Ivan Vazov nasjonalteater, Rakovskigatan teaterdistrikt, Slavejkovtorgets utandørs bokmarked, og Kulturens nasjonalpalass, som er Søraust-Europa sitt største kultur- og kongressentrum.

Det finst 16 universitet i byen, mellom anna Sofia universitet, grunnlagd i år 1888. Sofia er òg setet for eit austortodoks og eit romersk-katolsk stift.

Museum[endre | endre wikiteksten]

I Sofia finst det mange museum, mellom anna det historiske nasjonalmuseumet, det bulgarske naturhistoriske museum, jord- og menneskemuseumet, det etnografiske museet, det militærhistoriske nasjonalmuseet, det nasjonale polytekniske museet, og det nasjonale jordbruksmuseet. I tillegg finn ein Sofia kunsthall, det bulgarske nasjonalgalleriet for kunst, det bulgarske nasjonalgalleriet for utanlandsk kunst i tillegg til fleire private kunstgalleri.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Heile hovudstadskommunen hadde totalt 1 326 377 innbyggjarar i år 2006[1] , ein folketettleik på 917,8 innbyggjarar per kvadratkilometer, det høgaste i landet. Sjølve byen hadde totalt 1 203 680 innbyggjarar. [2]

Forholdet mellom kvinner per 1 000 menn var 1 114 og innbyggjaraldringa var 100,3. Fødselsraten per 1 000 innbyggjarar var 7,9, som stadig har minka dei siste 15 åra, medan dødsraten på 12,2 veks.

Arbeidsløysa er markert lågare enn i andre delar av landet - 2,45 % av den yrkesaktive folkesetnaden i 1999, i forhold til 8,97 % for heile Bulgaria i august 2006. Den store delen av arbeidslause med høgare utdanning, 27 %, i forhold til berre 7 % for resten av landet, er karakteristisk for hovudstaden.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Sofia er det økonomiske sentrumet i Bulgaria. Produksjonssektoren i økonomien er representert av over 800 store fabrikkanlegg, inkludert metallprodukt (75 % av den totale produksjonen i landet), tekstil, gummi og lêrprodukt, trykkprodukt (50 % av den totale produksjonen) og elektronikkprodukt (15 % av den totale produksjonen). Sofia er òg landet sitt finansielle sentrum og heimstad for Den bulgarske nasjonalbanken (i lag med fleire andre bankar). Konstruksjon, handel og transport er andre viktige seksjonar i den lokale økonomien.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Byen er ein av 28 provinsar i Bulgaria (og må ikkje forvekslast med provinsen Sofia, som ligg rundt, men ikkje inkluderer byen). Bortsett frå Sofia består hovudstadsprovinsen av tre andre byar og 34 landsbyar, indelt i 24 kommunar.

Transport og infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Sofia flyplass, nyleg renovert

Med sin velutvikla infrastruktur og strategiske plassering er Sofia eit viktig sentrum for internasjonale jarnbanar og bilvegar. Alle større typar transport (bortsett frå vasstransport) er representert i byen, og det finst åtte jarnbanestasjonar, eit flykontrollsenter, og Sofia flyplass (sentrum for flyselskapet Bulgaria Air). Tre europavegar går gjennom byen: 4, 8 og 10.

Kollektivtrafiken har ei viktig rolle i transporten. Den består av undergrunnsbanen Sofia metro, bussar, sporvogner og trollybussar. Det finst over 15 000 lisensierte drosjebilar i byen.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Som hovudstad i landet er Sofia den viktigaste byen for utdanning og dei fleste utdanningsmogelegheitene har ein her.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sofia