Tor Singsaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tor Singsaas
Foto: Kirkens informasjonstjeneste

Tor Singsaas (fødd 1. februar 1948) er biskop i Nidaros bispedøme. Han tok over etter Finn Wagle 14. desember 2008. Singsås er cand. theol. frå Menighetsfakultetet frå 1976. Hovudfagsoppgåva hans var om Lutherstiftelsens traktatarbeid: Den norske Lutherstiftelses traktater – en teologisk karakteristikk. Han tok praktikum i 1977 og vart fyrst vikarprest i Oslo bispedøme. Frå 1978 til 1991, i heile 13 år var han stiftskapellan i Nidaros bispedømme. Så var han 13 år residerande kapellan i Nidaros domkyrkje før han i 2004 blei prost i Byåsen prosti.

Bispeutnemning[endre | endre wikiteksten]

Singsaas var den lokale favoritten til å bli utnevmd til biskop i Nidaros og fekk flest stemmer av kandidatane, heile 167 fyrstestemmer i avstemminga. På andreplass kom Berit Lånke og på tredjeplass Olav Fykse Tveit.[1] Tor Singsaas vert omtalt som ein sentral folkekyrkjeprest som blant anna har stått sentralt i eit organisasjonsutviklingsprosjekt med forsøk rundt endra leiingsstruktur i kyrkja.

Ved utnemninga sa han blant anna dette: «'-Den norske kyrkja er uløyseleg knytt til visjonen om at ho er ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje. Hovudutfordringa er å gje eit sant bilete av Jesus Kristus i forkynning og etterfølging. Mitt kall som prest er å fortelje om Jesus Kristus som frelsar og forsonar. Jorda vart fullstendig endra då han kom. På grunn av han har eg tillit til at det finst ein nådig Gud som har ein djup kjærleik til skapningen sin. Vegen til Gud er open ved Jesus Kristus'» «'Stabsutvikling, lagarbeid og tverrfaglegheit er sentrale moment i ei god personalforvalting. Den einskilde tilsette og frivillige er den viktigaste resursen til kyrkja.'»[2] Han nemner også gudstenestefeiringa si form som eit aktuelt tema.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tor Singsaas fekk flest stemmer
  2. «Den norske kirke er uløselig knyttet til visjonen om at den er en bekjennende, misjonerende, tjenende og åpen folkekirke. Hovedutfordringen er å gi et sant bilde av Jesus Kristus i forkynnelse og etterfølgelse. Mitt kall som prest er å fortelle om Jesus Kristus som frelser og forsoner. Jorden ble fullstendig forandret da han kom. På grunn av ham har jeg tillit til at det finnes en nådig Gud som har en dyp kjærlighet til sin skapning. Veien til Gud er åpen ved Jesus Kristus». «Stabsutvikling, lagarbeid og tverrfaglighet er sentrale momenter i en god personalforvaltning. Den enkelte ansatte og frivillige er kirkens viktigste ressurs». Ekstern lenkje under:Artikkel hjå www.kyrkja.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Biskopar i den norske kyrkja
Preses: Helga Haugland Byfuglien  | Agder og Telemark: Stein Reinertsen | Bjørgvin: Halvor Nordhaug | Borg: Atle Sommerfeldt | Hamar: Solveig Fiske | Møre: Ingeborg Midttømme | Nidaros: Tor Singsaas | Nord-Hålogaland: Per Oskar Kjølaas | Oslo: Ole Christian Kvarme | Stavanger: Erling Pettersen | Sør-Hålogaland: Tor B. Jørgensen | Tunsberg: Laila Riksaasen Dahl