Tora Skagedotter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tora Skagedotter
Opptrer iSoga om Olav Tryggvason, Fagerskinna
EktefelleHåkon Sigurdsson Jarl
BarnSvein Håkonsson Ladejarl, Bergljot Håkonsdatter, Ingebjörg Håkonsdatter

Tora Skagedotter (norrønt: Þóra Skagadóttir) var gift med Håkon jarl den mektige. Truleg må ho ha vore fødd ein gong før 955, det er uvisst når ho døydde.

Dei få opplysningane vi har om Tora Skagedotter, finn vi i soga om Olav Tryggvason[1] og i Fagerskinna[2]. Ho var dotter av «ein mektig mann» som heitte Skage Skoftesson og bror hennar var Skofte Skagesson (Tidende-Skofte). I Bandadråpa[3] (av Eyolv Dådaskald) er Skofte nemnd som «utværs-herse». Snorre skriv om Tora at ho var ei overlag ven jente, og Håkon jarl var så glad i Tora, at han heldt mykje meir av frendane hennar, enn av andre folk.

I Fagerskinna blir det nemnt at Håkon jarl gifte seg med Tora «då han kom attende til Noreg». Dette kan ha vore i 974, då han kom attende frå Danmark etter å ha hjelpt Harald Blåtann i krigen mot saksarkeisaren Otto II. Mest truleg er likevel tida omkring 970, då han kom attende frå Danmark, etter at han hadde felt Harald Gråfell i Limfjorden. Det var då han allierte seg med Harald Blåtann og for ei tid, måtte underordne seg den danske kongen som hans vasall.

Tora og Håkon jarl hadde desse borna som var fødde i ekteskap:

  • Erling Snorre fortel at Erling Håkonsson vart blota under slaget ved Hjørungavåg, men truleg var dette rein dikting. Blotinga er ikkje omtala i noko skaldevers, og i Fagerskinna er det nemnt at Erling var med i slaget og styrte sitt eige skip.

Håkon jarl hadde fleire born, som var fødde utanfor ekteskap: Eirik, Heming og Erlend. Truleg må vi kunne tyde sogene slik at Håkon jarl hadde to døtrer til:

  • Den eine av dei (Fagerskinna kallar ho Ingebjørg), skal ha vore gift med Tora sin bror, Skofte Skagesson. Snorre fortel at Eirik Håkonsson drap Skofte[5] då Eirik var berre elleve eller tolv år gamal, og det må såleis ha skjedd omkring år 974. Denne dottera må då ha vore fødd fleire år før Håkon og Tora vart gifte.
  • Den andre av dei, kan ha vore Ragnhild, og ho kan ha vore fødd etter 970, slik at Tora kan ha vore mor hennar. Det kan tenkjast at Ragnhild var mor til lendmannen Ivar Kvite på Opplanda.

Snorre nemner berre Ragnhild, og i Fagerskinna er det berre Ingebjørg nemnt. I begge sogene er denne dottera nemnt som mor (eller bestemor) til Orm Eilivsson, jarl på Opplanda. Ein av etterkomarane hans var kong Erling Skakke. Det er altså nokså uvisst om dette var to døtre, eller om ein av sogeskrivarane har mistydd namnet på den same dottera.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Soga om Olav Tryggvasson (kap. 19)
  2. Fagerskinna (s.53)(norrøn tekst)
  3. Skaldic Project Arkivert 2016-01-27 ved Wayback Machine. Bandadråpa av Eyolv Dådaskald
  4. Sigurd blir nemnt berre i Fagerskinna, ikkje i Heimskringla
  5. Soga om Olav Tryggvasson kap. 20