Tore Bergan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tore Bergan
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. august 1961 (62 år)
Idrett friidrett

Tore Bergan (fødd 6. august 1961) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Oslo som i åra 1982-84 vart norsk meister på 100 meter, i 1982 også på 200 meter. Han var medlem i Rustad IL til 1977, sidan representerte han Oslo Idrettslag.

Bergan var Noregs beste sprintar i åra frå 1981 til 1984. I desse fire sesongane vart han anten nummer 1 eller 2 i på dei tok kortaste distansane. Til saman sanka han fire NM-gull og fem NM-sølv på 100 meter pluss 200 m i tida 1981-85. Men han kom aldri opp eit 100-meternivå som Audun Garshol nådde på sitt beste i 1970-åra, ei heller eit 200-meternivå som Carl Fredrik Bunæs nådde i 1960-åra.

Medaljar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1981 i Haugesund: Sølvmedalje på 100 meter og 200 m. Gullmedalje i 1000 m stafett
  • 1982 i Porsgrunn: Gullmedalje på 100 m og 200 m
  • 1983 i Trondheim: Gullmedalje på 100 m, sølv på 200 m og 1000 m stafett
  • 1984 i Øvre Årdal: Gullmedalje på 100 m og sølv på 200 m
  • 1985 i Bærum: Sølvmedalje på 100 m

I tillegg vann Bergan NM-gull i 4x100 m stafett i 1982 og 1985, og NM-sølv i same øving i 1981 og 1986.

Personlege rekordar[endre | endre wikiteksten]

  • 100 m: 10,77 (1983)
  • 200 m: 21,38 (1982)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]