Tore J. Vaksvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tore J. Vaksvik

Fødd5. januar 1872
Død3. august 1950 (78 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkebonde
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1916–1918)
  • vararepresentant til Stortinget (1919–1921) Sjå dette på Wikidata

Tore Ludvik Jensson Vaksvik (5. april 18723. august 1950) var ein gardbrukar og politikar frå Vaksvik i Ørskog kommune. Han møtte på Stortinget i 1917 og var ordførar 1923–1934 i Ørskog.

Vaksvik dreiv farsgarden Jensgarden i Vaksvik frå 1900 til 1941. Vinterstida i fiskja arbeidde han på tranbrenneri. Han var medlem av heradsstyret i Ørskog frå 1902 til 1934, siste tolv åra var han ordførar i kommunen. Tingbolken 1916–1918 var han varamann for stortingsmann Knut O. Otterlei, vald frå einmannskrinsen Nøre Sunnmøre. Hausten 1917 møtte Vaksvik på Stortinget i staden for Otterlei. Dei representerte partiet Venstre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]