Torrelavega

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Torrelavega
Flagget til Torrelavega Byvåpenet til Torrelavega
Flagget til Torrelavega Byvåpenet til Torrelavega


Plassering
Torrelavega is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Cantabria
Provins Cantabria
Grunnlagd 1200-talet
Borgarmeister Blanca Rosa Gómez Morante
Geografi
Flatevidd
 - By

35,54 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

55 910
  1 573,2 /km²
Koordinatar 43°21′″N 4°02′″WKoordinatar: 43°21′″N 4°02′″W
Høgd over havet 25 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 39300
Nettstad: www.torrelavega.es


Torrelavega er ein kommune og ein viktig industri- og handelsby i den autonome regionen Cantabria nord i Spania.

Han ligg om lag 8 km frå den kantabriske kysten og 27,5 km frå hovudstaden Santander, halvvegs mellom Fyrstedømet Asturias og Baskarland. Elvane Saja og Besaya renn gjennom byen.

Det høgaste punktet i kommunen er 606 meter over havet og det lågaste 12 meter over havet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Torrelavega vart grunnlagd mot slutten av 1200-talet av Garci Lasso I de la Vega (den eldre), Adelantado Mayor i Kongedømet Castilla under kong Alfonso XI av Castilla.

Det noverande nament er ei samandraging av det opphavlege eponymet «Torre de la Vega». Borga eller tårnet Vega vart bygd av Leonor de la Vega, dotter til Garci Lasso II de la Vega, den yngre og mor til Íñigo López de Mendoza, marqués de Santillana for å administrerte skattane på området til familien.

Iglesia de Nuestra Señora de la Asunción, oppretta mellom 1892 og 1901.

Torrelavega var ein viktig jordbruksstad i Kongedømet Castilla frå mellomalderen av. Stadig vekst gjorde at Torrelavega fekk bystatus i 1895.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]