Regionen Baskarland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baskarland
baskisk Euskadi
spansk País Vasco
Flagget til Baskarland Våpenet til Baskarland
Flagget til Baskarland Våpenet til Baskarland


Plassering
Plassering av  Baskarland
Styresmakter
Provinsar 1
Hovudstad Vitoria-Gasteiz
President Patxi López ([[|Partido Socialista de Euskadi - Euskadiko Ezkerra|PSE-EE]])
Geografi
Flatevidd
7 234 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

2 124 846
  293,7 /km²
Koordinatar 42°50′″N 2°41′″WKoordinatar: 42°50′″N 2°41′″W
Annan informasjon
Postnummer PV
Nettstad: www.euskadi.net

Baskarland (baskisk Euskadi, spansk País Vasco, fransk Pays Basque) er ein autonom region nord i Spania ved Pyreneane. Den spanske regionen er ein del av det større kulturelle området Baskarland.

Regionen Baskarland fekk status som historisk region i Spania i den spanske grunnlova av 1978. Hovudstaden er Vitoria-Gasteiz (Vitoria er det spanske namnet, Gasteiz det basksiske) og Bilbao er den største byen.

Regionen har om lag 2,1 millionar innbyggjarar og halvparten av desse bur i området rundt Bilbao.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Regionen Baskarland er vidare delt inn i tre provinsar:

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Aitzkorri-massivet.
Den baskiske kysten nær Zumaia.
Vingardar i Rioja nær Ebro.
Snø i Vitoria-Gasteiz.

Baskarland grensar til Cantabria og provinsen Burgos i vest, Biscayabukta i nord, Frankrike og Navarra i aust og La Rioja (Ebro) i sør. Regionen er delt inn i tre geografiske område som er definerte av to parallelle fjellkjeder i Baskarfjella. Hovudfjellkjeda dannar vasskiljet mellom Atlanterhavet og Middelhavet. Det høgaste punktet i denne kjeda er Aitzkorri-massivet (1551 moh). Dei tre områda er

Atlanterhavssida[endre | endre wikiteksten]

Området er forma av mange dalar med korte elvar som renn frå fjella og ut i Biscayabukta, som Nervión, Urola og Oria. Kysten er ulendt med høge klipper og små viker. På kysten finn ein Bilbaobukta og Bilbaoestuaret, Urdaibai-estuaret og bukta Bidasoa-Txingudi som dannar grense mot Frankrike.

Det sentrale området[endre | endre wikiteksten]

Mellom dei to fjellkjedene ligg det høge platået Llanada Alavesa (Álavaslettene) der hovudstaden Gasteiz ligg. Elvane her renn sørover frå fjella til elva Ebro. Dei største elvane er Zadorra og Bayaselva.

Ebrodalen[endre | endre wikiteksten]

Frå sørsida av fjella til Ebro, det såkalla Rioja Alavesa, finn ein liknande landskap som andre område av Ebrodalen. Her vert ein del av den kjende Rioja-vinen produsert.

Største byar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bilbao (354 145)
  2. Vitoria (baskisk Gasteiz) (226 490)
  3. San Sebastian (baskisk Donostia) (183 308)
  4. Barakaldo (95 675)
  5. Getxo (83 000)
  6. Irún (59 557)
  7. Portugalete (51 066)
  8. Santurce (47 320)
  9. Basauri (45 045)
  10. Rentería (38 397)

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaplott for Bilbao.

Baskarfjella dannar eit vasskilje og markerer òg grensene for dei klimatiske områda i regionen Baskarland.

Dei nordlege dalane, i Bizkaia og Gipuzkoa og samt Ayaladalen i Álava, er del av Grøne Spania, med maritimt klima. Her er vêret typisk vått året rundt med moderate temperaturar. Den årlege normalnedbøren er om lag 1200 mm.

Den midtre delen har eit meir kontinentalt middelhavsklima, men er òg noko påverka av havet i nord. Dette skapar varme, tørre somrar, men kalde, og snørike vintrar. Ebrodalen har eit reint kontinentalsk middelhavsklima med kalde, tørre vintrar og særs varme og tørre somrar. Det meste av nedbøren kjem her om våren og hausten. Det kjem lite nedbør og uregelmessig, enkelte stader så lite som 300 mm på eit normalår.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Basque country map.png
Den historiske Gernika-eika, eit symbol på baskiske institusjonar.

Denne seksjonen omhandlar historia til den autonome regionen etter 1978. Sjå òg Baskarland

Før den spanske grunnlova av 1978 og systemet med autonome regionar vart innført, vart dei tre provinsane i regionen Baskarland på spansk kjend som Provincias Vascongadas. Den politiske strukturen med dei nye autonome regionane vart godkjend av fleirtalet i ei folkeavstemming i regionen den 25. oktober 1979. I dag er regionen ein av dei mest desentraliserte regionane i verda.[1].

I 2003 ønskte styret i det baskiske nasjonalistpartiet å endre denne statsusen gjennom Ibarretxe-planen. Prosjektet vart godkjend av fleirtalet i det baskiske styret, men avslått av eit stort fleirtal i Cortes Generales i Madrid på bakgrunn av at det var i strid med den spanske grunnlova.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Spania og regionane her - The Economist