Total

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For den grammatiske forma, sjå dualis.
Samanslåing av selskap fram til Total i 2003

Total er eit fransk energiselskap, mest kjend som eit oljeselskap. Selskapet vart grunnlagd i 1924 som Compagnie française des pétroles (CFP). CFP lanserte varemerket Total i 1954. Total er i 2005 eit av dei fire største oljeselskapa i verda. Dei andre store oljeselskapa er Royal Dutch/Shell, BP og Exxon Mobil. Selskapet vart slege saman med belgiske Petrofina i 1999, og endra namn til Total Fina. Seinare kjøpte selskapet franske Elf Aquitaine og namnet vart i 2000 endra til TotalFinaElf. I 2003 vart namnet endra attende til berre Total.

Selskapet har hovudkvarteret sitt i Paris og utgjer ein del av aksjeindeksen CAC 40.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]