Trening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
'Sogabrørne trener sverdslag mot ei snøfonn.' Japansk tresnitt av Utagawa Kuniyoshi.
Boksetrening med instruktør.
Foto: Larry A. Simmons

Trening er systematisk oppøving av særskilde evner og eigenskapar med det mål å kunne yte betre innanfor eit felt, eller for å halde yteevna ved like. Med «trening» meiner ein ofte fysisk trening, som har som mål å endra (som regel forbetra) dei fysiologiske (fysiske), psykiske og sosiale eigenskapane til ein organisme (t.d. menneskekroppen).

Innan yrkesopplæring er trening i ulike teknikkar og i handsaming av til dømes maskiner og verktøy ein viktig del av opplæringa ved sida av den boklege lærdommen. For personar som har fått nedsett yteevne på grunn av sjukdom eller ulukker, som slag eller trafikkulukker, kan fysisk og mental trening gjere at dei på tross av skadene kan kome attende i god vigør.

Fysisk trening[endre | endre wikiteksten]

Styrketrening.
Foto: George Stepanek

Ved hjelp av fysisk trening prøver ein å endra eigenskapane som ligg til grunn for kroppen si yteevne. Innan idrett kan trening vere aktivitet som tek sikte på å gjere ein meir uthaldande og ledig og å auke styrken, farten, samordningsevna og sjølvtrua. Ein kan til dømes ha som mål å bli ein betre skiløpar eller sjakkspelar, ha sterkare musklar eller mindre kroppsfeitt, eller ikkje bli andpusten når ein går i trapper.

Fysisk trening skil seg frå fysisk aktivitet ved at hovudmålet med trening er å oppnå ei kroppsleg endring, medan fysisk aktivitet hovudsakleg er lystbetont, og endringar i kroppen som han fører til ikkje er den viktigaste grunnen til å driva med aktiviteten.[1]

Treningsformer[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trening

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bokmålswikipediaartikkelen «Trening» som viser til Gjerset m.fl. Treningslære (Oslo: Gyldendal Norsk Forlag, 2006)
Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.