Troyes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Troyes
Gamle hus i Troyes
Gamle hus i Troyes
Gamle hus i Troyes
Byvåpenet til Troyes
Byvåpenet til Troyes
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Champagne-Ardenne
Aube
Geografi
Flatevidd 13,2 km²
Flatevidd
 - By

13,2 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

60 958
  4 618/km²
Koordinatar 48°17′59″N 04°04′45″EKoordinatar: 48°17′59″N 04°04′45″E
Diverse anna
Heimeside: www.ville-troyes.fr

Troyes er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er préfecture (hovudstad) i departementet Aube og ligg ved elva Seinen i nærleiken av byen Pont-Sainte-Marie. Troyes har i overkant av 60 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Cathédrale Saint-Pierre-et-Saint-Paul de Troyes

Troyes har eksistert sidan romartiden. I mellomalderen vann byen seg eit namn som sentrum for handel og er det framleis. Ludvig den stamme vart krona i byen i 878 av pave Johannes VII. Fyrsten i Champagne valde Troyes som sete. I 1285, då Filip den smukke annekterte Champagne til kongeriket, hadde byen ei rekkje privilegium.

Johan den fryktlause, hertug av Burgund og alliert med England, ville gjere byen til hovudstad i Frankrike i 1417. Han vart einig med Isabella av Bayern, kona til Karl VI av Frankrike, om at byen skulle ha hoff, råd og folkeforsamling med kontrollerande organ. I Troyes vart Henrik V av England 21. mai 1420 forlova med Catherine, dotter til Karl VI. Ho skulle følgje etter han som dauphin. Fredsavtalen i Troyes frå 1420 skulle få slutt på Trettiårskrigen. I 1429 vann Jeanne d'Arc byen tilbake fra engelsk herredøme.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Lacoste har sitt hovudkontor i byen. Det er òg anna tekstil- og gummiindustri i byen. Ettersom han er ein del av Champagne-distriktet, er det òg omfattande vinproduksjon her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]