Tsjatoranga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tsjatoranga er eit gammalt indisk brettspel som har utvikla seg til indisk og vestleg sjakk og mange liknande spel.

Den største forskjellen mellom det gamle spelet og moderne versjonar er at det hadde fire spelarar som styrte kvar sin hær. Dei brukte også ein indisk terning til å spela. Ein kunne vinna spelet ved å ta kongen til motstandaren, eller ved å ta alle brikkene hans bortsett frå kongen.

Brikkene var noko forskjellige frå moderne sjakkbrikker, men mykje er òg likt. Tsjatoranga var basert på samansetjinga av ein gammal indisk hær.

Kongen og rådgjevaren hans, vesiren, heldt til i midten. Nær seg hadde dei stridselefantar, som seinare blei til våre løparar. Infanteriet blei til ei rekke av marsjerande bønder. Raske stridsvogner på sidelinjene kunne flytta seg raskt, men berre rett fram. Dei blei til tårn i Vesten. Kavaleri kunne manøvrera raskt og overraskande, og blei til springarar, som framleis kan springa over andre brikker.

Reglane for korleis ein kunne flytta var til dels svært ulike:

  • Elefantar kunne flytta ei rute skrått eller ei rute fram
  • Vesiren, som svarte til vår dronning, kunne berre flytta ei rute skrått
  • Bønder kunne berre flytta ei rute fram, også i det første trekket
  • Kongen kunne ikkje bytta plass med elefanten (tårnet) som i vårt sjakkspel, men ein gong per spel kunne han flyttast som ein springar

Reglane for springartrekket har halde seg frå tsjatoranga til moderne sjakk, og er det viktigaste provet på at det nye spelet stammar frå det gamle.