Tsjeremosj-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svarte Tsjeremosj

Tsjeremosj (ukrainsk Черемош, rumensk Ceremuş, polsk Czeremosz) er ei elv vest i Ukraina og ei sideelv til Prut.

Ho renn langs grensa mellom dei historiske regionane Bukovina og Galicia. I mellomalderen og tidleg moderne tid var ho ein del av grensa mellom Fyrstedømet Moldavia og Kongedømet Polen. I dag renn ho langs grensa mellom Ivano-Frankivsk og Tjsernivtsi oblast.

Elva spring ut i Karpatane og renn hovudsakleg mot nordaust.

Det har sidan 1950-åra vore tradisjonar for elvesport på elva, som rafting og kajakkpadling, sidan elva har mange stryk.

Byar nær elva[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 48°22′44″N 25°37′14″E