Tsjuktsjarhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa til Tsjuktsjarhalvøya lengst aust i Sibir.

Tsjuktsjarhalvøya, Tsjukotskijhalvøya eller Tsjukotskhalvøya (russisk: Чукотский полуостров - Tsjukotskij poluostov) er det nordaustlegaste punktet på fastlandet i Asia i Russland. Lengst aust ligg Kapp Dezjnev nær landsbyen Uelen. Ho grensar til Tsjuktsjarhavet i nord, Beringhavet i sør og Beringsundet i aust. Halvøya er ein del av Tsjukotka autonome okrug.

Halvøya har tradisjonelt vore heimstaden til dei innfødde tsjuktsjarane, enkelte eskimofolk, sibriske jupikar og sireniki-eskimoar, korjakar, tsjuvanar, evenar, jukagihirar og russiske nybyggjarar.

Halvøya ligg langs Nordaustpassasjen.

Av næringar på halvøya finn ein gruvedrift (tinn, bly, sink, gull og kol), jakt og fangst, reinsdyravl og fiske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 66°00′N 172°00′W