Nordaustpassasjen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordaustpassasjen (raud) og den alternative ruta gjennom Suezkanalen (blå)

Nordaustpassasjen, i nyare tid òg kalla Den nordlege sjøvegen (russisk Се́верный морско́й путь, Severnyj morskoj put), er ei skipsrute frå Atlanterhavet til Stillehavet langs kysten av Russland i Russiske Fjernausten og Sibir. Mesteparten av ruta ligg i arktiske farvatn og har tradisjonelt berre vore isfri to månader av året. På russisk vert ruta òg forkorta til Sevmorput etter dei første bokstavane i Severnyj Morskoj Put.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Motivasjonen for å segle langs Nordaustpassasjen var opphavleg økonomisk. I Russlan kom ideen om ein mogeleg sjøveg mellom Atlanterhavet og Stillehavet først hos diplomaten Greasimov i 1525. Russiske kolonistar og handelsmenn langs kysten av Kvitsjøen, pomorane, hadde deriomt alt utforska delar av ruta alt på 1000-talet. På 1600-talet oppretta dei ein samanhengande sjøveg frå Arkhangelsk og så langt aust som til munningen av Jenisej. Denne vegen, kalla sjøvegen Mangazeja etter den austlege endestasjonen og handelsstasjonen Mangazeja, var ein tidleg føregjengar for Nordaustpassasjen.

Vestlege delar av passasjen vart samstundes utforska av nordeuropeiske land som England, Nederland, Danmark og Noreg, som såg etter ein alternativ sjøveg til Kina og India. Sjølv om desse ekspedisjonane ikkje oppnådde dette resultatet, vart nye kystområde og øyar oppdaga. Den mest kjende av desse ekspedisjonane var ekspedisjonen leia av den nederlandske sjømannen Willem Barents i 1596, som oppdaga Spitsbergen og Bjørnøya og som runda nordenden av Novaja Zemlja.

Russland frykta at engelskmennene og nederlendarane skulle bryte inn i Sibir og la ned Mangazejaruta i 1619. Aktiviteten til pomarane i Nord-Asia forsvann og det meste av utforskinga på 1600-talet vart utført av sibirske kosakkar som segl frå ein elvemunning til ein annan i kotsjar. I 1648 segla den mest kjende av desse ekspedisjonane, leia av Fjedot Aleksejev og Semjon Dezjnev, frå munningen av Koljma og runda Tsjuktsjihalvøya til Stillehavet. Med dette viste dei at Asia og Nord-Amerika ikkje var landfaste med kvarandre.

Åtti år etter Dezjnev, i 1725, segla ein annan russisk utforskar, den danskfødde Vitus Bering, den motsette vegen i «Sviatoj Gvarijl». Han starta ved Kamtsjatkahalvøya og gjekk nordover til passasjen som i dag er kalla opp etter han, Beringsundet. Det var Bering som gav dei noverande namna til Dimodesøyane, som først vart oppdaga og skildra av Dezjnev.

Bering sine ekspedisjonar i 1725-1730 var ein del av ein større plan starta av Peter den store og vart kjend som Kamtsjatkekspedisjonen eller Den store nordlege ekspedisjonen. Den andre Kamtsjatkaekspedisjonen fann stad i 1735-1742. Denne gongen var det to skip, «Sv. Pjotr» og «Sv. Pavel», sistnemnde kommandert av Bering sin nestkommanderande på den første ekspedisjonen, kaptein Aleksej Tsjirikov. På denne reisa vart følgjet dei første vestlege til å sjå (Bering) og gå i land (Tsjirkov) på nordvestkysten av Nord-Amerika etter at ein storm hadde ført dei to skipa frå kvarandre. På veg tilbake oppdaga Bering Aleutane, men vart sjuk og «Sv. Peter» måtte søke ly på ei øy utanfor Kamtsjatka der Bering døydde (i dag Beringøya).

Den russiske keisarmarinen tok på eiga hand del i den andre store nordlege ekspedisjonen. Ein av desse, leia av Semjon Tsjeljuskin nådde i mai 1742 det nordlegaste punktet på både Nordaustpassasjen og på det euroasiatiske kontinentet, Kapp Tsjeljuskin.

Seinare ekspedisjonar som utforska Nordaustpassasjen fann stad i 1760-åra (Vasilij Tsjitsjagov, 1785–95 (Joseph Billings og Gavril Sarjtsjev), i 1820-åra (Ferdinand Petrovitsj Wrangel, Pjotr Fjodorovitsj Anjou, grev Fjodor Litke og andre), og i 1830-åra. Det vart vist på midten av 1800-talet at det var mogeleg å segle heile ruta, men det var først i 1878 at den finsk-svenske utforskaren Nordenskiöld først klarte å segle heile Nordaustpassasjen frå vest til aust under Vegaekspedisjonen. Skipskapteinen på denne ekspedisjonen var løyntnant Louis Palander frå den svenske marinen. I 1915 segla ein russiske ekspedisjon leia av Boris Vilkitskij passasjen frå aust til vest.

Eit år før reisa til Nordenskiöld starta ei handelsrute med dei såkalla Karaekspedisjonane der det vart eksportert sibirske jordbruksprodukt via Karahavet. Av 122 konvoiar mellom 1877 og 1919 klarte berre 75 seg og det vart berre transportert 55 tonn varer. Frå 1911 gjekk dampskip frå Vladivostok til Koljma ein gong i året.

Nordenskiöld, Nansen, Amundsen, DeLong, Makarov og andre utførte fleire vitskaplege og kartografiske ekspedisjonar langs ruta.

Etter den russiske revolusjonen[endre | endre wikiteksten]

radioen, dampbåtane og isbrytarane vart innført vart det mogeleg med ein sjøveg langs Nordaustpassasjen. Etter den russiske revolusjonen i 1917 vart Sovjetunionen isolert frå dei vestlege landa som var nødvendig for å nytte denne ruta. I tillegg til at ruta var den kortaste vegen frå vestlege til dei austlege område av Sovjetunionen var han den einaste som låg heilt innanfor sovjetiske farvatn.

I 1932 vart ein sovjetisk ekspedisjon leia av professor Otto Juljevitsj Schmidt den første som segla heile vegen frå Arkhangelsk til Beringsundet i løpet av ein sommar utan å overvintere langs ruta. Etter eit par forsøk til i 1933 og 1934 vart Nordaustpassasjen offisielt opna og den kommersielle drifta tok til i 1935. Året etter segla austersjøflåten via denne sjøvegen til Stillehavet der ein væpna konflikt med Japan var i kjømda.

I 1932 vart det oppretta eit spesielt styringsorgan kalla Glavsevmorput for å administrere Nordaustpassasjen og Otto Schmidt var den første leiaren. Dei hadde oppsyn med skipsfarten og bygde hamner langs ruta.

Etter at Sovjetunionen braut saman minka handelen langs ruta i 1990-åra. I dag er det meir eller mindre berre fast skipstrafikk frå Murmansk til Dudinka i vest og mellom Vladivostok og Pevek i aust. Hamner mellom Dudinka og Pevek har nesten ikkje noko skipstrafikk i det heile.

Isfrie hamner[endre | endre wikiteksten]

Fleire av hamnene langs ruta er isfrie året rundt. Desse er frå vest til aust MurmanskKolahalvøya, Petropavlovsk i Kamtsjatka kraj, og Magadan, Vanino, Nakhodka og Vladivostok i den austlege delen. Andre hamner som stort sett kan nyttast frå juli til oktober, som Dudinka, vert stort sett berre vitja av atomdrivne isbrytarar. Global oppvarming vil truleg opne opp for nye skipsruter i Nordishavet[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]