Tumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tumen
Plasseringa til Tumen
Plasseringa til Tumen
Utspring Baekdu
Munning Japanhavet
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 521 km
Nedslagsfelt 41 200 km²

Tumen eller Tuman (russisk Туманная - Tumannaja) er ei 521 km lang elv som renn langs delar av grensa mellom Kina, Nord-Korea og Russland. Ho spring ut frå fjellet Baekdu og munnar ut i Japanhavet

Elvar ligg nordaust i Asia. Den øvre delen av elva renn langs grensa mellom Kina og Nord-Korea, medan den 17 km av ho renn mellom Nord-Korea og Russland dei siste 17 kilometrane før ho munnar ut i Japanhavet. Elva dannar mykje av den sørlege grensa av provinsen Jilin i Mandsjuria og den nordlege grensa av provinsane Nord-Hamgyong og Yanggang i Nord-Korea. Baekdu på grensa mellom Kina og Nord-Korea er kjelda til elva[1], i tillegg til elva Yalu.

Namnet på elva kjem frå det mongolske ordet tümen, som tyder «ti tusen». Elva er kraftig forureina av nærliggande fabrikkar i Nord-Korea og Kina, men er likevel ein stor turistattraksjon i området. I Tumen i Jilin ligg det restaurantar langs elva med utsyn til Nord-Korea på andre sida.[1] Det russiske namnet på elva er Tumannaja som tyder «tåkete».

Viktige byar langs elvar er Hoeryong, Namyang og Onsong i Nord-Korea, Tumen og Nanping i Kina.

Flyktningar[endre | endre wikiteksten]

Tumen har i mange år vorte nytta av flyktningar frå Nord-Korea til Kina. Dei fleste flyktningane under sveltekatastrofen på 1990-talet i Nord-Korea kryssa Tumen.

Sjølv om Tumen er tungt overvaka av armerte patruljar vert ho føretrekt føre Yalu, som er djupare og mykje breiare.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 [1] Onishi, Norimitsu, "Tension, Desperation: The China-North Korean Border", 22. oktober 2006.