Maoriar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Te Puni, māorihøvding på 1800-talet.

Maoriar er nemninga på det opphavlege folkeslagetNew Zealand.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet māori tyder 'normal' eller 'vanleg' på maori, men i segner eller andre muntlege overleveringar tener det til å skilja dødelege skapningar frå ånder eller guddomar. «Māori» tilsvarar uttrykk i somme andre polynesiske språk, til dømes Hawaiispråk, der ordet maoli har om lag den same tydinga. Det er også namnet på menneska og språket på Cookøyane, Cook Islands Māori. Maori-nemninga for newzealandarar som ikkje er maoriar, særleg dei av europeisk avstamming, er pākehā.

Opphavet til māoriane[endre | endre wikiteksten]

New Zealand var eit av dei siste områda på jorda som vart busett.

Der er ingen sikre prov på at menneske har vore busette på New Zealand tidlegare enn maoriane. Arkeologiske og lingvistiske undersøkingar tyder på at der truleg har vore fleire innvandringsbølgjer frå aust (Polynesia) til New Zealand i tida mellom åra 800 og 1300. Opphavet til maoriane kan derfor ikkje skiljast frå opphavet til dei polynesiske forfedrane deira. Muntlege overleveringar hos maoriane fortel at dei kom frå Hawaiki (eit mytisk land i den tropiske delen av Polynesia) i store, havgåande kanoar. Desse polynesarane, meiner ein, har så vorte til dei māoriske stammene på New Zealand.

Spire Denne New Zealandartikkelen som har med samfunn og historie å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.