Tungekyss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Tungekyss».


Tungekyss

Ein tungekyss (au kalla fransk kyss) er ein kyss der tungone på dei som kysser rører ved einannan. I ein tungekyss kjem det gjerne føre at ein let tunga glide inn i munnen på hin, eller at ein syg og småbit på leppene.

Denne måten å kysse på er meir intim enn kyssing berre på leppene, og er å rekne for ei kjønnsleg gjerning. Tungekyssing vert ofte nytta i samband med nærare kjønnsleg samkvæme, so som samlega, eller som førespel til dette.