Leppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Lippa».
Lepper hjå ein mann.
Lepper hjå ei kvinne.
Leppene til ein baby som svelgjer.

Leppe (latin labia oris) er eit synleg organ kringom munnen på menneska og mange dyr. Dei to leppene er kledde med tynn ansiktshud og slimhud, og er mjuke og rørlege. Menneske har framståande, boga lepper med raudleg farge. Andre dyr har gjerne smalare lepper.

Leppene tener fyrst og fremst til næringsinntak, som eit taktilt kjensleorgan og til kommunikasjon. Menneske bruker leppene som taleorgan, til berøring og ulike uttrykk, som ved kyssing, smiling og plystring.

Anatomi[endre | endre wikiteksten]

Hjå dei fleste virveldyra er leppene små hudfoldar på utsida av kjeven utan større tyding. Pattedyr har derimot tydelege lepper med muskulatur som er skilde frå kjeven. Dei to leppene, overleppa og underleppa, inneheld ein ringmuskel som kan lukka munnspalta og annan muskulatur som gjer at dei kan utføra mange ulike rørsler. Leppene går saman på sidene i munnvikene. Det raude leppepartiet er del av ansiktshuda, men overhuda her er så tynn at blodet i dei mange fine kapillarårene kan lysa gjennom. Innsida av leppene går over i munnslimhinna.[1] Underleppa på menneske er bogeforma, medan overleppa er sett saman av to bogar med ein amorboge imellom.

Dyr anna enn pattedyr har andre ordningar rundt munnen. Fiskar kan ha utstikkande leppeaktige organ som dei kan bruka til å finna mat med. Nokre ekte beinfisk kan ha følsamt «skjegg» frå leppene. Fuglar og skjelpadder har harde keratinhaldige nebb rundt munnen i staden for mjuke lepper.[2]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Lepper blir brukte til ulike former for kommunikasjon. Fleire dyr kan dra tilbake leppene for å flekka tenner på trugande vis, eller visa eit avslappa eller smilandre uttrykk. Menneske kan uttrykka ei rekkje ulike utsegner med leppene, til dømes ved å stramma dei tett saman, bita seg i underleppa, setja trutmunn eller halda fingeren framfor dei, det siste for å visa til stille eller hysja på nokon. Leppene kan forma språklydar ved å laga ei særskild form (til dømes runda eller urunda), ved at ein set leppene mot kvarandre (bilabialar) eller underleppa mot tennene (labiodentalar).

Lepper kan dekorerast på ulike måtar. I mange kulturar er det vanleg å farga dei med til dømes leppestift. Ein kan òg tatovera leppene eller plassera ulike piercingar i eller rundt dei. I nokre høve kan ein strekkja ei leppe rundt ei stor piercing, som ei leppeplate.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Lepper hjå ulike dyr:

Leppedekorasjon:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «munnhule» i Store norske leksikon.
  2. Romer, Alfred Sherwood; Parsons, Thomas S. (1977). The Vertebrate Body. Philadelphia, PA: Holt-Saunders International. s. 297. ISBN 0-03-910284-X.  (oppgjeve av Engelsk Wikipedia)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Leppe