Uburen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uburen
stad
Uburen sett frå Selvikstakken (597 moh.) på den andre sida av Høgsfjorden.
Land  Noreg
Kart
Uburen
58°53′09″N 6°07′20″E / 58.88592°N 6.1221°E / 58.88592; 6.1221

Uburen er ein karakteristisk fjellformasjon ved Forsand i Sandnes kommune i Rogaland. Fjellet ligg nord for Høgsfjorden, like aust for innløpet til Lysefjorden. Etter tradisjonen kjem namnet av at ein her kvitta seg med uønskte barn.

Uburen (bak til høgre) sett frå Sokkanuten på andre sida av Lysefjorden. Framfor Uburen ligg Forsand, og ein kan sjå Lysefjordbrua nede til venstre

Uburens høgaste punkt ligg 440 meter over havet, men turstien går ut til ein noko lågare topp lengst ute, der fjellveggen stuper ned mot Høgsfjorden og Forsand. Her er det flott utsikt over ytre Ryfylke på klåre dagar. Stien startar på ein gamal anleggsveg frå dei tider då Lyse Energi bygde fjordspenn frå Uburen og over Høgsfjorden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]