Ulkefisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulkefisk


Tropisk ulkeart
Den tropiske ulkearten Scorpaenichthys marmoratus

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Infraklasse: Teleostei
Orden: Scorpaeniformes

Ulkefisk (Scorpaeniformes) er ein stor og vidt utbreidd orden beinfisk som hovudsakleg består av botnfisk. Det er registrert om lag 1160 artar, i norske farvatn finn me rundt 20 av dei.

[endre] Kjenneteikn

Ulkefiskane har få kjenneteikn som er karakteristiske for heile familien. Det viktigaste er ei karakteristisk beinplate i kraniet som går over kjeven mellom auga og gjellelokket. Elles er dei ofte godt pansra, med hovud og kropp dekt med beinplater eller piggar. Bryst- og halefinnane plar vera avrunda. Bukfinnane sit langt framme på kroppen, oftast rett under brystfinnane.

[endre] Systematikk

Ulkefiskane er ein kontroversiell gruppe å klassifisera; ulike klassifikasjonar opererer med alt frå 26 til 35 ulike familiar. Dette kjem av at mange av artane i gruppa er lite kjende. Ulkefisk er for det meste botnfisk som i mange høve går særs djupt, noko som gjer studium vanskeleg. I tillegg er det få artar som er noko særleg viktige økonomisk.

[endre] Lenkjer og kjelder

  • Moen, Frank Emil & Svensen, Erling (2003): Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna
  • Kjørsvik, Elin (1992): "Ulkefisker" i Norges dyr
  • FishBase
  • Engelsk wikipedia
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk