Gjelle
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjeller er pusteorgan hjå organismar som lever i vatn. Dei syter mellom anna for opptak av oksygen frå vatn, og utskilling av karbondioksid.
[endre] Gjeller hjå virvellause dyr
Mange små vasslevande dyr tek opp oksygen direkte gjennom kroppsoverflata, men meir komplekse former har særskilde organ for å få ei stor nok overflate til å ta opp surstoffet dei treng. Dette er vanlegvis tynne vevplater fylte med blod eller anna væske som slepp gassªr gjennom tynne veggar.
Hjå somme insekt finn ein eit unikt sett respirasjonsorgan me kallar trakégjeller. Dette er små blodsystem som tek opp oksygen frå vatnet og førar det inn i trakésystemet til dyret.
Gjeller vert utvikla i sjøstjerner og kråkebollar som tynne røyrstrukturar i kroppsoverflata, med samband med det hydrostatiske skjelettet til dyret. Hjå krepsdyr, blautdyr og somme insekt er dei greina eller plate-liknande strukturar med blodårer i, og sit oftast på utsida. Augestikkarlarver har såkalla rektale gjeller, det vil seie at dei har lukka trakèopningar i endetarmen. Vatn som pumpast inn og ut av rektum fører oksygen til dei lukka trakèane.
Muslingar brukar gjellene sine til å filtrera næringspartiklar ut or vatnet i tillegg til gassveksling.
[endre] Gjeller hjå virveldyr
Virveldyra sine gjeller vert utvikla i svelget, langsmed ei serie gjellespaltar som opnar til utsida. Alle virveldyr har desse opningane på eit eller anna stadium av livet. Vatn som vert teke inn i munnen passerar ut gjennom opningane, og badar gjellene undervegs. Saltvassfisk brukar gjellene til å skilja ut saltar, medan ferskvassfisk brukar dei til å halda på dei.
Hjå somme amfibium sit gjellene på same stad på kroppen, men stikk ut som utvekstar på kroppen. Dei fleste artar har fysiologiske tilpassingar som syt for å utnytta vatnet mest mogleg; ofte ved at blodet og vatnet flyt i motsett retning av kvarandre og såleis fører til at blodet tek opp maksimalt med oksygen.
Øyregongen i det indre øyra hjå pattedyr er mest sannsynleg omdanna gjellespaltar.
Den store overflata til gjellene skapar problem for fisken i samband med osmoregulering eller vassbalanse. Saltvatn inneheldt mindre H2O enn kroppsvæskene til fisken, noko som fører til at saltvassfisk mistar store mengder vatn osmotisk gjennom gjellene. For å vega opp for tapet drikk dei store mengder sjøvatn og skil ut saltane.
Ferskvatn har på den andre sidan høgare vassinnhald enn kroppsvæskene til fisken, noko som gjer at dei tek opp vatn osmotisk gjennom gjellene. Overskotsvatnet vert skild ut gjennom urin.

