Ulrik Arneberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulrik Arneberg
Fødd15. juni 1829
Vanse
Død30. oktober 1911 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, jurist
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1892–1894)
  • Norsk justisminister (1890–1891)
  • vararepresentant til Stortinget (1883–1885)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1889–1890)
  • fylkesmann i Østfold (1891–1905)
  • fylkesmann i Telemark (1881–1889) Sjå dette på Wikidata

Ulrik Fredrik Christian Arneberg (15. juni 182930. oktober 1911) var ein jurist, embetsmann og statsråd.

Arneberg var fødd i Vanse i Vest-Agder, der far hans var sokneprest. Etter å ha teke artium i 1846 var han huslærar i to år. Han studerte så teologi, der han avla andreeksamen, før han bestemte seg til i staden å studere jus. I 1852 avla han juridisk embetseksamen.

Arneberg var fyrst fullmektig hos byfuten i Kristiania. Då futen døydde i 1856 var han konstituert i embetet til 1858. Han var ei tid sakførar og referent ved stiftsoverretten, før han i 1861 vart høgsterettsadvokat. Frå 1866 var han assessor i Kristiania byrett og i 1872 justitiarius for same. Åra 1881-89 var Arneberg amtmann i Bratsbergs amt. Etter å ha vore statsråd, vart han i 1891 på ny amtmann, då i Smaalenene fram til 1905.

Arneberg var statsråd i Emil Stangs fyrste regjering, fyrst gjorde han teneste ved statsrådsavdelinga i Stockholm frå 1889 til 1890. Sidan 1. juli 1890 var han justisminister til regjeringa gjekk av i mars 1891. I perioden frå 1892 til 1894 var han stortingsrepresentant for valkrinsen Brevik og partiet Høgre. Han var medlem av vegkomiteen.

Arneberg vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1880 og forfremja til kommandør av 1. klasse i 1891. Han var også innehavar av den svenske Nordstjerneordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]