Vanse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vanse
stad
Vanse kyrkje
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Farsund
Areal 1,95 km²
Folketal 2 059  (2023)
Folketettleik 1 056 / km²
Postnummer 4560 VANSE
Kart
Vanse
58°05′53″N 6°41′31″E / 58.09812°N 6.69184°E / 58.09812; 6.69184
Wikimedia Commons: Vanse

Vanse er ein tettstad i Farsund kommune i Agder med 2 059 innbyggjarar per 1. januar 2023. Vanse ligg på Listahalvøya, om lag seks kilometer vest for Farsund bysentrum.

Norsk-amerikansk kultur[endre | endre wikiteksten]

I perioden frå 1890-talet til eit stykke ut på 1960-talet reiste tusenvis av listelendingar over Atlanterhavet til Amerika. Dei fleste drog til austkysten, blant anna til New York-området, der dei arbeiddee som hushjelpar, sjøfok og snikkarar. Etter månader eller år, og eitt eller fleire opphald, drog mange av dei heim att. Dette var med å seja preg på Lista.[1]

Brooklyn Square[endre | endre wikiteksten]

Amerikansk skilt i Vanse.
Foto: 2016

Brooklyn Square er ei gate på Bryne i Vanse sentrum; mellom fylkesveg 651 og Abraham Berges vei.[2] Gata har namn etter Brooklyn i New York, og er den fyrste offisielle amerikanske adressa i Noreg.[3] Her ligg Trunken, ein butikk som sel amerikanske varer. Han opna 25. desember 2004.[4] Ved sida av Trunken ligg restauranten 8th Avenue, som er inspirert av New York på 50- og 60-talet.[5] Til jul blir gata pynta på amerikansk vis.[6] 29. oktober 2011 blei Farsund kommune vennskapsby med Bay Ridge Neighborhood i Brooklyn i New York.[7]

American festival[endre | endre wikiteksten]

American festival er ein festival som er blitt halden årleg den siste helga i juni sidan 2007. Han avløyste den tidlegare Listafestivalen. Festivalen er fyrst og fremst ei feiring av det norske Amerika og banda mellom Lista og USA. Han har som målsetnad å visa fram norsk-amerikansk kultur og samtidig setja Farsund og regionen på kartet.[8] Sommaren 2015 vitja 20 000 folk i løpet av festivalhelga.[9] Selvaagparken på Bryne blir også brukt aktivt under festivaldagane.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ringdal, Siv (2002). «Americana på avveie». Det amerikanske Lista. Med 110 volt i huset. Pax forlag. s. 16. ISBN 82-530-2325-1. «Linje 1-8» 
  2. Kartverket. «Brooklyn square; SSR, sestedsnavn.no». Henta 27. januar 2017. «Brooklyn square, Farsund» 
  3. «Brooklyn Square; americanfestival.no». American festival. Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 27. januar 2017. «på Brooklyn Square i Vanse, som er den første offisielle amerikanske adressen i Norge.» 
  4. Christina Breisnes. «About Trunken». Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 27. januar 2017. «Trunken åpnet sine dører på Thanksgiving 25. november 2004.» 
  5. Bruno Nyhus. «8th Avenue». Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 27. januar 2017. «Ideen vår har vært å gjenskape elementer fra New York fra 50-60-tallet.» 
  6. Lonheim, Sylfest (26. oktober 2016). «Lerkelandet Lista». Klassekampen. s. 5. «På Vanse er julegata i desember heil-amerikansk» 
  7. Bakke, Åse Astri (29. oktober 2011). «Farsund+Brooklyn=sant». Lister. «I dag formaliseres det hjertelige forholdet når Farsund kommune blir vennskapskommune med Bay Ridge Neighborhood of Brooklyn, New York.» 
  8. Havaas, Svein Morten (28. juni 2015). «Innholdsrike amerikanske festivaldager». Lister. «Faktaboks i tillegg til: Det er sjuende året at American Festival arrangeres med dagens konsept som inkluderer Street Dance på lørdagskvelden.» 
  9. Hansen, Ole Henrik (21.06.2016). «Tjuvstartet lansering av ny bok på hjemmebane». Aust Agder Blad. s. 5. «American Festival i Vanse hadde i fjor 20.000 besøkende i løpet av helgen.» 
  10. Havaas, Svein Morten (25. april 2014). «Innholdsrike amerikanske festivaldager». Lister. «Selvaagparken blir for øvrig brukt stadig mer aktivt under festivaldagene.» 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Agder å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.