Ulrika Eleonora av Sverige
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulrika Eleonora d.y., (23. januar 1688–24. november 1741), var regjerande dronning av Sverige frå 1719 til 1720. Ho var dotter av kong Karl XI av Sverige og Ulrika Eleonora av Danmark (Ulrika Eleonora d. e.), syster til kong Karl XII av Sverige i tillegg til syskenbarn av kong August den sterke av Polen, kong Frederik IV av Danmark-Noreg og Frederik IV av Holstein-Gottorp. Gift 24. mars 1715 med Fredrik av Hessen, den seinare Fredrik I av Sverige. Ulrika Eleonora hadde ingen born.