Undervassfjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bermuda ligg på toppen av ein undersjøisk fjellkjede som ein kan sjå frå lufta.

Eit undervassfjell er eit fjell som reiser seg minst 1000 m opp frå havbotnen og som ikkje når havoverflata. Dei vert ofte funne i grupper eller som nedsenka øygrupper. Einslege eller ikkje-vulkanske undervassfjell ser ut til å vera sjeldne.

Undervassfjell er stort sett av vulkansk opphav, og eit klassisk eksempel er Emperor Seamounts, som er ei vidareføring av Hawaii. Undervassfjella her vart forma av vulkansk aktivitet for millionar år sidan, og har sidan blitt slitne ned av erosjon til dei no er under havoverflata. Den lange lekkja av øyar og undervassfjell strekkjer seg tusenvis av kilometer nordaust for den store øya er eit resultat av ei plate som rører seg over eit vulkansk aktivt område.

Undervassfjell strekkjer seg ofte opp i øvre sjølag, og gjev dermed betre grunnlag for marint liv samanlikna med havbotnen rundt. I tillegg til dette kan dei leia næringsrike undervasstraumar mot overflata. Undervassfjell skaper dermed grunnlag for planktonvekst, og for alt over dei i næringskjeden, og bidrar til liv i eit ørkenaktig ope hav. Dei kan vera livsviktige stoppestader for dyr som trekk over lange avstandar, til dømes ein del kvalar.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

External links[endre | endre wikiteksten]