Unse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Unse (av latin uncia) er ei gammal måleining for masse som vart brukt i Skandinavia, i Noreg fram til det nye målesystemet vart innført i 1875. Ein unse utgjorde i Romerriket 1/12 libra (også kalla romarpund) eller ein unica (ca. 27,3 gram). I Noreg var ein unse 1/16 skålpund eller ca. 31 gram. Vekta kan ha variert noko gjennom tidene, også i Skandinavia. Hadde vekteininga framleis vore nytta i dag, ville ho altså ha tilsvara 31,25 gram.

Den internasjonale eininga troy ounce tilsvarar 31,1034768 gram.

Råvara gull blir omsett i dollar pr unse.

Once[endre | endre wikiteksten]

I Frankrike var 1 once lik 1/12 av livre som Karl den store innførte og 1/16 av den vanlege franske livre, det vil sei 30,6 gram. Frå 1812 til 1840 var han lik 1/32 kg = 31,25 g.

Ounce[endre | endre wikiteksten]

Ounce er den tilsvarande britiske og amerikanske eininga, med symbolet oz.

Som eining for masse er 1 oz lik 1/16 pound eller 28,35 g. For edelmetall vert det nytta troy ounce (oz tr) og for apotekervarer apothecaries ounce (oz ap); 1 oz tr = 1 oz ap = 1/12 lb tr = 480 grains = 31,1 g.

Som eining for volum vert fluid ounce (fl oz) nytta i Storbritannia og er lik 1/160 gallon (UK) = 1/20 pint = 28,41 ml. I USA er han lik 1/128 gallon (US) = 1/16 pint = 29,57 ml.

Einingane vert ikkje lenger nytta i Storbritannia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Once. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 15. november 2013 frå http://snl.no/once.
  • Holtebekk, Trygve. (2009, 14. februar). Ounce. I Store norske leksikon. Henta 15. november 2013 frå http://snl.no/ounce.