Urspråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
I denne figuren, eit stamtre for språka 2, 5, 9 og 31, er 7 urspråket for 5 og 9, medan 6 er urspråket for 2 og 7, medan 15 er urspråket for alle.

Eit urspråk er eit språk som eit gruppe språk eller grupper av språk stammar frå. Eit urspråk saknar ofte direkte kjelder, slik som skrifter skrivne på språket. Å seie at ei gruppe språk er skylde med kvarandre, er det same som å seie at dei stammar frå det same urspråket. Postuleringa av urspråk byggjer på stamtreteorien, som illustrert i figuren til høgre.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Alle samiske språk stammar frå det samiske urspråket, det vil seie ursamisk. Samisk og andre greiner av den uralske språkfamilien stammar frå ururalsk. Alle dei germanske språka stammar frå urgermansk. Vidare stammar urgermansk, urkeltisk, uritalisk, urslavisk og andre greiner av den indoeuropeiske språkfamilien frå urindoeuropeisk.

Metode[endre | endre wikiteksten]

I den historisk-komparative lingvistikken nyttar ein den komparative metoden for å rekonstruere eit urspråk.