Uvod

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Uvod
Uvod River.jpg
Munning Kljazma
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 185 km
Middelvassføring 19 m³/s
Nedslagsfelt 3 770 km²

Uvod (russisk Уводь) er ei elv i Ivanovo og Vladimir oblast i Russland og ei av sideelvane til Kljazma frå venstre. Ho er 185 km lang og har eit nedslagsfelt på 3770 km². 30 km frå munningen har elva ei middelvassføring på 19 m³/s.

Dei største sideelvane hennar er Urozjna og Taltsa frå venstre, og Vostra, Ukhtokhma, Vjazma, Talsja og Naromsja frå høgre.

Byane Ivanovo og Kokhma ligg langs elva.

Uvod spring ut i myrområda nordaust for byen Komsomolsk.

Nord for Ivanovo vart Uvodskoje-reservoaret bygd i 1937. Reservoaret er opp mot 1,5 km brei på det breiaste og opp mot 15 meter djup, og gjev ferskvatn til Ivanov. Når Uvod har for lita vassføring til å fylle opp reservoaret vert det ført vatnet frå Volgakanalen. I Ivanovo finst det tre demningar til langs elva.

Like etter Ivanovo ligg Kokhma.

Etter Ivanovo og Kokhma er elva sterkt forureina av industrielt avfall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]