Ivanovo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ivanovo
Иваново
Trikkesambandet i Ivanovo vart nedlagd i juli 2008
Trikkesambandet i Ivanovo vart nedlagd i juli 2008
Flagget til Ivanovo Byvåpenet til Ivanovo
Flagget til Ivanovo Byvåpenet til Ivanovo


Plassering
Ivanovo is located in Russland
Ivanovo is located in Ivanovo oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Ivanovo oblast
Først nemnd i
Bystatus
1561
1871
Borgarmeister Aleksander Fomin
Geografi
Flatevidd
 - By

105 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

409 000
  3 895,2 /km²
Koordinatar 57°0′″N 40°59′″EKoordinatar: 57°0′″N 40°59′″E
Høgd over havet 120 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 153000–153048
Retningsnummer (tlf) (+7)4932
Bilnummer 37
Nettstad: ivgoradm.ru

Ivanovo (russisk Ива́ново) er ein by i Russland og det administrative senteret i Ivanovo oblast. I 2007 hadde han om lag 410 000 innbyggjarar.

Ivanovo har tradisjonelt vorte kalla tekstilhovudstaden i Russland. Sidan dei fleste av tekstilarbeidarane har vore kvinner har han òg vorte kalla «Brudebyen». Den truleg mest kjende kvinnelege innbyggjaren i byen var den postmoderne franske forfattaren Nathalie Sarraute.

Her ligg Ivanovo Severnyj, som er ein av dei største militære luftbrubasane i Russland. Den sivile lufthamna ligg ved Ivanovo Juzjnyj lufthamn.

Ivanovo har fleire utdanningsinstitusjonar, som Ivanovo statlege universitet, Ivanonvo statlege universitet for kjemi og teknologi, Ivanovo medisnske akademi, Ivanovo arkitektakademi, Ivanov stalege kraftuniversitet (ISPU). ISPU er eit av dei eldste universiteta i byen og utdannar spesialistar innan sterkstraumteknikk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ivanovo oppstod då den gamle linfabrikk-landsbyen Ivanovo (først nemnd i 1561) vart slått saman med industribyen Voznesenskij Posad i 1871. Fram til 1932 var det offisielle namnet Ivanovo-Voznesensk.

Tidleg på 1900-talet konkurrerte Ivanovo med Łódź (som òg var ein del av Det russiske riket på denne tida) om tittelen som det største tekstilsentret i Europa. Butilhøva for arbeidarane var særs dårlege og det var ofte streik. Ein av desse streikane førte til den russiske revolusjonen i 1905. I følgje Store Sovjetiske Leksikon var Ivanovo Sovjet (danna i mai 1905) ein av dei første sovjetane i historia, men dette er omstridd.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Store Sovjetiske Leksikon: artikkel Советы депутатов трудящихся - Sovjety deputatov trudjasjikhsja

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ivanovo